Då eg mista alt

Då eg testa positivt for hiv, mista eg alt. Eg var gift, hadde eit barn, var gravid og hadde god jobb. Mannen min skulda alt på meg og kasta meg ut, arbeidsgjevaren min sa meg opp. Eg gjekk frå å vera butikk-bestyrar til å bli hushjelp, noko som ikkje akkurat var draumen.


 
Avdi eg kjende meg så bitter over at nett eg var blitt hiv-positiv, tenkte eg på å smitta så mange menn som mogleg. Heldigvis kom eg ikkje så langt; familien eg arbeidde hjå visste om hivstatusen min, men viste meg kjærleik og respekterte meg på trass av sjukdommen. Og eg lærte at dersom eg tek vare på meg sjølv, kan ein framleis leva eit godt og langt liv som hiv-positiv.

Då mannen min vart sjuk, viste det seg at også han var hiv-positiv. Han innsåg at me delte sjukdommen, at alt ikkje nødvendigvis var mi skuld. Då flytta eg heim att. Etter kort tid døydde han.

Familien hans hevda at eg var den som drap han; slik er tradisjonen her. Dersom ei kvinne døyr før mannen er det heilt greit, men dersom mannen døyr før kona- då har kona drepe han. Eg prøvde å forklara familien at mannen min døydde på grunn av aids, og at eg lid av den same sjukdommen, men dei trudde meg ikkje. "Du ser jo så frisk ut", sa dei. "Du kan vel ikkje vera sjuk?"

Dei trudde ikkje at eg var sjuk, før også yngste barnet vårt døydde av aids. Ho såg heller ikkje sjuk ut, faktisk sprang ho rundt i huset same dagen som ho døydde!

Det var i denne tida eg vart involvert i arbeidet NAPWA driv, og tok til å undervisa om hiv/aids og korleis ein best beskyttar seg.

Eg hadde ikkje rekna med at sonen min kom til å bli påverka av at eg er så open kring sjukdommen. Men ein dag då han var seks og eit halvt år gammal, kom han gråtande heim frå skulen. Eg ville klemma han, spørja kva som var gale. Då sa han: "Mor, ikkje rør meg"…Etter ei stund sa han at barna på skulen meinte eg kom til å gi han aids. At barna på skulen ikkje lengre ville leika med han.

Etter dette nekta han å gå på skulen. Til sist fann eg ut at det ville vera betre for han å bu hjå tanta si som bur eit stykke unna.

Sjølv om eg veit dette har skjedd før, og vil skje igjen, skulle inga mor gå igjennom dette. Mange barn kjem til å røyma heimanfrå på grunn av mobbing og frykt. Mødre kjem til å ta livet sitt på grunn av at dei må høyra barna sine seia "ikkje rør meg…"

Artikkelen er henta frå heftet "HIV/AIDS and Development" utgjeve av SAIH og INTERFUND. Han er noko forkorta og oversett av Elisabet Kjetilstad.
 

Flere saker:

Radi-Aid Awards 2017: Her er vinnerne

Radi-Aid Awards 2017: Her er vinnerne

Et innslag med Ed Sheeran fra britiske Comic Relief fikk prisen for årets verste innsamlingsvideo i bistandsbransjen, under SAIHs årlige prisutdeling Radi-Aid Awards. Den gjeveste prisen gikk til War Child Nederland. Begge vinnere har respondert på utmerkelsen.

Rettsak mot akademikere i Tyrkia

Rettsak mot akademikere i Tyrkia

I dag startet de første av mange rettsaker mot akademikere i Tyrkia, som i januar 2016 signerte et opprop mot myndighetenes behandling av sivile kurdere. Students At Risk-student Ekin Baris Sah var en av dem. Nå risikerer han 7,5 års fengsel.