Sterke kvinner i Vest-Sahara

Vest-Sahara er det mest likestilte landet i den muslimske verda hevda kultur -og sportsminister Mariam Salek Hmada på ein pressekonferanse 8.mars i Stockholm. Det som står i vegen for ytterlegare frigjering er mangelen på ein eigen stat.

Ministeren er stolt av dei Vest-Sahariske kvinnene som speler ei viktig rolle flyktningleiren. På grunn av at dei fleste menn deltok i krigen måtte kvinnene ta eit stort ansvar i flyktningleiren. Forutan det å overleve i ein steril ørken, har kvinnene sine oppgåver vore å førebu oppbygginga av ein ny nasjon, bygga opp infrastruktur og å organisera og utvikla utdannings -og helsesystem, med svært få ressursar til hjelp.

Utdanning av kvinner har i lang tid vore prioritert blant saharawiane. 27.Februar-skulen vart etablert i på slutten av 1970-talet, og er støtta av humanitære organisasjonar i Ungarn. Skulen er open for alle kvinner, og utdannar kvinnene i administrasjon, helse, utdanning og solenergi. Då skulen vart etablert var det viktig å utdanne kvinner for å driva flyktningleiren. Men Polisario sin tanke bak denne skulen er meir vidtrekkande, den er ein del av arbeidet for likestilling av kvinner og menn.

Utdanning generelt sett er svært viktig i flyktningleiren. Alle born går på skule frå dei er tre til femten år gamle, men for vidare studiar må ungdomane sendast utanlands. Til no har dei fleste fått vidaregåande - og universitetsutdanning i Algerie, Spania eller på Cuba. Då leiren vart oppretta i 1976 var analfabetismen rekna til å vera 90%. I dag er det berre om lag 20% som ikkje kan lesa og skriva. Mennene har fått opplæring i armeen og kvinnene har delteke på kurs helde av studentar på sommarferie.

Kvinnerolla har endra seg mykje i det vest-sahariske samfunnet. I det opphavlege nomadesamfunnet hadde kvinnene ei relativt sjølvstendig rolle. Mange menn var karavaneførarar og var borte i lange periodar. Kvinnene hadde difor ansvaret for husdyr,  familien og hushaldet. Dei saharawiske kvinnene har aldri vore nøydde til å dekka ansiktet med slør. Under den spanske kolonitida vart kvinnene sin situasjon forandra og dei vart meir avgrensa til heimlege aktivitetar. Det vest-sahariske kvinneforbundet NUSW (National Union of Saharawi Women) vart danna i 1979 på initiativ frå Polisario Front. NUSW organiserer i dag 10 000 kvinner og arbeider med kvinner sin situasjon og utvikling.

Sjølv om dei saharawiske kvinnene er betre utdanna og meir likestilte enn kvinner i andre arabiske land er dei framleis dårleg representerte i politikken. Sjølv om kvinner har alle politiske rettar, røystar kvinner framleis heller på ein mann enn på ei kvinne. Kvinnene har enno ikkje fått alle rettane dei har krav på, og mykje arbeid gjenstår. Likevel har dei saharawiske kvinnene kome langt. NUSW har kontakt med kvinneforbund i heile verda og deltek på internasjonale konferansar. Kvinnene er medvetne om dei problema som kan oppstå når Vest-Sahara ein dag vert fritt. Det finst eksempel på at kvinner vert tvungne tilbake til ei passiv rolle etter at motstandskampen er over. Dette vil ikkje dei saharawiske kvinnene gå med på, dei vil ikkje mista det dei har vunne.

Kjelder/Vidare lesing:

Thunberg, Lena (red.), Föreningen Västsahara 1998. Västsahara - Afrikas siste koloni. Tidskriftsverkstaden i Väst, Göteborg.

Föreningen Västsahara 2002. Saharabulletinen nr. 2 2002. Tidskriftsverkstaden i Väst, Göteborg.

National Union of Saharawi Women
http://www.arso.org/UNFS-Homepage.htm

 

Flere saker:

Bruker utdanning og forskning i kampen for sosial rettferdighet

Bruker utdanning og forskning i kampen for sosial rettferdighet

SAIHs partner Nomadesc i Colombia jobber med mennesker som på en eller annen måte er ofre for den politiske konflikten i landet. – Utdanning er et transformerende verktøy. I prosjektene våre har vi oppnådd at sektorer styrkes og myndiggjøres gjennom utdanning og forskning, sier Berenice Celeita, leder for menneskerettighetsorganisasjonen.

Continuous threats against academics in Turkey

Continuous threats against academics in Turkey

"In terms of academics, I see no light in the short term", says Sarphan Uzunoğlu, who fled Turkey through the Scholars At Risk Network. He now works at University of Tromsø, and fears that Turkey will experience great migration of academics and other highly educated people.