Vårt bilde av Sør

Vårt bilde av Sør er som regel eit bilde frå Syden. På slike bilde ser ein oftast ei gruppe med solbrente og litt fulle folk frå Kolbotn og Steinkjer som smiler saman med den lokale kelneren som er pen og morsom og kan ein del grisete ord på norsk.

Det er sjølvsagt ikkje dermed sagt at alle nordmenn vil at utlendingar skal vere pene og morsomme og kunne ein del grisete ord på norsk. Dersom ein utlending som bur i Norge går rundt og er pen og morsom og seier grisete ord på norsk, så vil tvert imot eit klart fleirtal av Norges befolkning finne det svært suspekt.

Men nordmenn er endå meir nyanserte enn som så.
For sjølvsagt har vi også andre bilde av Sør.
Eitt av dei er av eit svoltent og stakkarslig barn på ei innsamlingsbøsse eller i ein filmsnutt under TV-aksjonen. For mange nordmenn er det ei gåte at slike folk kan klare å flytte seg meir enn nokre få meter, og heilt ufattelig og veldig overraskande at dei kan klare å komme seg heilt til Norge, og direkte uforskamma at dei som klarer å komme seg hit ikkje berre seier "Takk", men for eksempel "Har de bruk for legeutdanninga mi her?"

I skulebøkene såg vi bildet av eit stakkarslig og svoltent barn saman med ei kvit dame som likna veldig på nokre av lærarinnene på skulen vår. I kristendomstimane på skulen lærte vi nemlig at det ikkje er sant at alle i Sør berre er stakkarslige og svoltne. Dei er også hedningar.

Eit anna vanlig bilde av Sør har ingen nordmenn faktisk sett, men mange nordmenn trur likevel at det finst, fordi så mange fortel oss at det finst. Det er eit bilde av folk som frå fødselen av kastar seg inn i flest mulig krigar og konfliktar og arbeider hardt og målbevisst for å forårsake naturkatastrofer og matmangel. Alt dette gjer dei for å oppnå sitt høgste mål: Å få lov til å komme til Norge og leve lykkelig resten av sine dagar på ein nedlagt campingplass langt frå folk.

Men, som sagt, som regel er bildet frå Syden. Som regel synest vi det er langt nok sør. Ein pen og morsom kelner som kan nokre grisete ord på norsk er tross alt berre litt suspekt. Eit svoltent, stakkarslig, hedensk, krigersk barn som sitt på ein campingplass og påstår han er lege, er veldig suspekt.

Flere saker:

Anbefaler tre nye år med Students At Risk

Anbefaler tre nye år med Students At Risk

For to uker siden kunne SAIH og NSO feire at regjeringen og UD viderefører Students at Risk-ordningen også i 2018. I behandlingen av statsbudsjettet for 2018 sier Stortinget at dette ikke er nok. 

Drap på urfolksstudent i Colombia

Drap på urfolksstudent i Colombia

Viviana Trochez Dagua (20) var nettopp uteksaminert student fra Universidad Intercultural de los Pueblos (UIP). Fredag 8. desember ble hun drept i forbindelse med kamper mellom væpnede aktører, ifølge menneskerettighetsorganisasjon NOMADESC. SAIH er dypt berørt av den tragiske hendelsen.

Radi-Aid Awards 2017: Her er vinnerne

Radi-Aid Awards 2017: Her er vinnerne

Et innslag med Ed Sheeran fra britiske Comic Relief fikk prisen for årets verste innsamlingsvideo i bistandsbransjen, under SAIHs årlige prisutdeling Radi-Aid Awards. Den gjeveste prisen gikk til War Child Nederland. Begge vinnere har respondert på utmerkelsen.