Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Fortener vi toppkarakter?

Av Kathrine Sund, leder i SAIH

I Dagsavisen 25.04. kunne vi lese at Noreg er best i klassa når det gjeld utdanningsbistand. SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond) synes det er positivt at Noreg dei siste åra har hatt eit fokus på utdanning innan bistand, og som Global Campaign for Education (GCE) er vi opptekne av kvaliteten i utdanninga. Men i den norske utviklingspolitikken saknar vi refleksjonar rundt forholdet mellom grunnutdanning og høgare utdanning.

Høgare utdanning vert ofte utelate når utdanningsbistand diskuterast. Dette bekymrar SAIH. Vi jobbar med bistand til høgare utdanning, og veit at eit godt offentleg system for høgare utdanning er heilt essensielt i ein utviklingsprosess. Grunnutdanning til alle barn er eit godt og viktig mål, men det er langt i frå nok. Komplekse problem krev komplekse løysingar. Då held det ikkje at til dømes ni av ti barn i Tanzania sit på skulebenken.

- ”Vi bruker å seie at ein må sjå på utdanningssystemet som ein heilskap, for det vert ikkje sterkare enn det svakaste ledd,” sei Sissel Volan, seniorrådgjevar på utdanningsbistand i Norad. Dette er SAIH heilt einig i. Kven trur vel at vi i Noreg kunne ha hatt ei god grunnutdanning utan å ha ei god høgare utdanning? Kan ein ha ei god grunnutdanning utan godt kvalifiserte lærarar? Utan pedagogisk personell som kan utvikle læreplanar? Utan fagekspertar som kan utvikle pensum? I mange land har ein også den utfordringa at elevane har ulike morsmål. Kven skal gjere det muleg for elevane å kunne bruke sitt eige språk? Ein må då utvikle lærebøker på elevane sine morsmål, noko som ofte krev arbeid med lingvistisk dokumentasjon, ordbøker og grammatikk. Det er prisverdig at utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson jobbar for at alle barn skal inn i skulen, men fokuset må vere like mykje på det kvalitative som det kvantitative. Ein må ikkje gløyme alle dei barna som sit på skulebenken utan å lære noko som helst, anten fordi læraren berre har nokre få år med skulegong sjølv eller fordi dei rett og slett ikkje forstår det språket læraren snakkar.

- Dei som kontrollerer utdanningssystemet, kontrollerer samfunnet. Kven som skal få tilgong til utdanning, kva elevane og studentane skal lære, og kva metodar som skal nyttast er politiske spørsmål. Innhaldet i japanske skulebøker er eit dagsaktuelt døme. Kven skal definere kva som er riktig lærdom? Utanriksdepartementet sin utdanningsstrategi kan gje inntrykk av at all utdanning er positiv. Så enkelt er det naturlegvis ikkje. I følgje den brasilianske frigjeringspedagogen Paulo Freire kan utdanning vere både frigjerande og til skade. Mahatma Gandhi brukte uttrykket ”kunnskapsbasert vald” då han snakka om det britiske utdanningssystemet og den skada det påførte befolkninga i India under kolonitida. Også her i Noreg har vi erfaring med dette. Fornorskingsprosessen av samane hadde ikkje vore muleg å gjennomføre i lik grad hadde han ikkje vore forankra i utdanningssystemet.

Dersom høgare utdanning ikkje er ei bistandspolitisk prioritering, er det svært sannsynleg at dei marginaliserte gruppene i utviklingsland vil vere ekskluderte frå den høgare utdanninga. Definisjonsmakta vil då liggje hos dei som har råd til å gå på gode universitet, eventuelt hos dei internasjonale donorane. Kva utvikling gir dette? I dei fleste samfunn vil det vere ei stadfesting av dei strukturane som hindrar marginaliserte grupper frå å ta aktivt del i samfunnsutviklinga. Då er ikkje utdanninga nødvendigvis positiv. Gjennom ei auka satsing på bistand til høgare utdanning kan Noreg bidra til at barn får gå på ein skule som både er kvalitativt god, og som har læreplanar som er demokratisk forankra og tilpassa det samfunnet dei lever i.

Utviklingsministeren har definert utdanning som jobb nummer ein innan bistand. Det er vi glade for. Det krev at Noreg reflekterer over og ikkje minst handlar utifrå det både utviklingsministeren og vi veit: At grunnutdanning og høgare utdanning ikkje kan sjåast uavhengig av kvarandre. Det krev at høgare utdanning inkluderast i debattar om utdanningsbistand og det krev at den delen av bistandsbudsjettet som går til høgare utdanning aukast. Vi trur ikkje at Noreg ville ha fått toppkarakter i ein rapport som omhandla utdanningsbistand i heilskap, inkludert bistand til høgare utdanning.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

Hender holder opp et forstørrelsesglass, en skattemelding, en kalkulator og en globe.Hender holder opp et forstørrelsesglass, en skattemelding, en kalkulator og en globe.

Nyhet

Internasjonalt skattesamarbeid fungerer – men ikke for det globale sør

Finansminister Vedum og utviklingsminister Tvinnereim skaper et optimistisk bilde av internasjonalt skattesamarbeid, men virkeligheten fortjener et mer kritisk blikk. Mens de markerer milepæler og roser OECD, unnlater de å adressere det viktige spørsmålet om hvem som faktisk har en stemme i utformingen av disse reglene.

Les nyhet
En statue på et torg, foran en bygning.En statue på et torg, foran en bygning.

Nyhet

Akademisk boikott er ikke autoritært eller prinsippløst

Det er ingen grunn å skille skarpt mellom rett, moral og politikk i universitetspolitiske spørsmål.

Les nyhet
three young women are smiling for the camera in circles .three young women are smiling for the camera in circles .

Nyhet

Valgkomiteens innstilling til SAIHs arbeidsutvalg 2024/2025

Les nyhet
En gruppe mennesker står sammen og snakker. En gruppe mennesker står sammen og snakker.

Nyhet

Ledig stilling: Organisasjonsrådgiver

SAIH søker en engasjert og systematisk organisasjonsrådgiver som brenner for global solidaritet og sterke organisasjoner.

Les nyhet
En kvinne står foran en vegg med armene i kors.En kvinne står foran en vegg med armene i kors.

Nyhet

Motstanderne av akademisk boikott gjør det enkelt for seg selv

Det er enkelt å være prinsipielt for akademisk frihet og mot akademisk boikott. Går man derimot inn i den konkrete situasjonen i Israel og Palestina blir det mer krevende.

Les nyhet
En kvinne iført en svart frakk og et grønt skjerf smiler til kameraet.En kvinne iført en svart frakk og et grønt skjerf smiler til kameraet.

Nyhet

Statsbudsjettet 2025: SAIHs innspill

Norge må øke støtten til menneskerettighetsforkjempere og deres organisasjoner, på deres premisser.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon