Bare litt viktig med utdanning?

Lokallagsaktivist frå SAIH-Kristiansand Jo Tore Berg spør utviklingsminister Heikki Holmås om utdanning bare er litt viktig i eit innlegg i Klassekampen.

Utdanning er særs viktig for utvikling. Men sidan dei raudgrøne tok over regjeringsmakta i 2005 har støtta til utdanning gått ned. Er du stolt av det, Utviklingsminister Heikki Holmås?

Utdanning er ein menneskerett. FNs verdserklæring om menneskerettane frå 1948 slår fast at alle har rett til utdanning. Innan 2015 skal ein syta for at alle born, både jenter og gutar, får høve til å fullføre grunnskula. Sjølv om det har vore framgang er det i følgje FN sin rapport om tusenårsmåla frå 2011 minkande sjanse for å nå dette viktige målet. Me kan ikkje gje oss før alle born i verda får utdanninga dei har rett på.

Den totale utviklingsbistanden har auka under den raudgrøne regjeringa. Men trass i denne aukinga så har støtta til utdanningsformål gått ned både i prosent og kronebeløp.

Eit grunnleggjande spørsmål er kvifor det synes å vera så langt mellom ord og handling? Regjeringsplattforma frå 2009 lovar blant anna at den raudgrøne regjeringa skal «lede an i det internasjonale arbeidet for å innfri alle barns rett til utdanning, og løfte arbeidet med barns rettigheter internasjonalt». Same år vedtok Stortinget sin utanrikskomité at bistanden til utdanningsformål skulle aukast. Eg ser ikkje heilt korleis Noreg skal kunne vera leiande i dette arbeidet når utdanning vert så lite prioritert i bistanden vår. Eg skulle gjerne sett at Noreg var leiande på eit slikt viktig område for utvikling, men då treng me eit skikkelig løft.

Det er viktig at born og unge går på skule, men det er og viktig at ein hevar kvaliteten både i grunnskulen og høgare utdanning. I SAIH har me som mål at utdanninga skal vera frigjerande. Gjennom god utdanning vil me at ungdom skal kunne ta tak i og forma si eiga framtid. Gjennom god utdanning vil me at ungdom skal kunne delta i utviklinga av sine eigne lokalsamfunn. Men god utdanning kostar pengar. Det kostar pengar å utdanna gode lærarar, utvikla og produsera læremidlar og byggja skuler. Dei gode intensjonane ein har om at Noreg skal vera leiande i arbeidet med utdanning og utvikling må ein kunne sjå igjen i budsjett og rekneskap.

I følgje ei undersøking frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar som vart lagt fram tidlegare i år meiner ungdom at det å satsa på utdanning er viktigast for å løysa fattigdomsproblem i verda. Stortinget har pålagt regjeringa å auka bistanden til utdanningsformål og i følgje den raudgrøne regjeringsplattforma frå 2009 skal Noreg vera leiande i å syta for at alle born får utdanning. Det er difor med undring og skepsis at eg ser på Norad sine tal. Er utdanning verkeleg så lite viktig, Heikki? Vil du la den negative trenden fortsetja og halda fram å nedprioritera utdanning i bistandsbudsjetta? Eller kjem du til å satsa på god utdanning for utvikling framover?

Jo Tore Berg

Lokallagsaktivist og vara i styret til SAIH

Flere saker:

Radi-Aid Awards 2017: Her er vinnerne

Radi-Aid Awards 2017: Her er vinnerne

Et innslag med Ed Sheeran fra britiske Comic Relief fikk prisen for årets verste innsamlingsvideo i bistandsbransjen, under SAIHs årlige prisutdeling Radi-Aid Awards. Den gjeveste prisen gikk til War Child Nederland. Begge vinnere har respondert på utmerkelsen.

Rettsak mot akademikere i Tyrkia

Rettsak mot akademikere i Tyrkia

I dag startet de første av mange rettsaker mot akademikere i Tyrkia, som i januar 2016 signerte et opprop mot myndighetenes behandling av sivile kurdere. Students At Risk-student Ekin Baris Sah var en av dem. Nå risikerer han 7,5 års fengsel.