Klassekampen: Mange vil ta imot utviste studentar

Framlegg om at Noreg skal ta imot studentar frå diktaturregime, får brei politisk støtte. Men Arbeidarpartiet har ikkje bestemt seg.

Noreg må ta imot studentar som blir kasta ut frå lærestader i land med regime som ikkje respekterer menneskerettane. Det foreslår studentorganisasjonen SAIH, og sist veke fekk framlegget støtte frå Høgre i Stortinget. SAIH har dokumentert at studentar i stort omfang blir arresterte og/eller nekta utdanning i land som Zimbabwe, Columbia, Iran og Kviterussland.

 Demokrati
 
– Dette skal vera eit tilbod til forkjemparar for demokrati og menneskerettar, som blir hindra i å fullføra utdanninga i sitt eige heimland. Det er tenkt som ei eiga ordning, ikkje som ein del av asylordninga, seier Peter Gitmark (H), som tok opp framlegget i ein interpellasjon i Stortinget i førre veka.
Vi ønskjer i første omgang ei prøveordning, nokre titals studentar i starten, seier Anja Bakken Riise, leiar i SAIH, til Klassekampen. Ho er glad for velvilje frå fleire parti. Både KrF, SV, Venstre og Høgre har tatt ei slik ordning inn i sine program. Også AUF og Raudt har stilt seg bak framlegget.
 
Ap vurderer
Arbeidarpartiet har så langt ikkje slutta seg til framlegget. Eva Kristin Hansen, Aprepresentant i utanrikskomiteen i Stortinget, meiner framlegget frå SAIH er svært interessant.
– Dette er eit framlegg vi vil gå gjennom nøye. Problematikken kring studentars rett til å uttala seg er svært viktig. Det er bra at SAIH løftar denne saka, seier Hansen på e-post til Klassekampen. 

«Dette er eit framlegg vi vil gå gjennom nøye. Problematikken kring studentars rett til å uttala seg er svært viktig. Det er bra at SAIH løftar denne saka» EVA KRISTIN HANSEN, AP-REPRESENTANT I UTANRIKSKOMITEEN I STORTINGET  

Kva med Etiopia i denne samanhengen?
 
– Etiopia er i høgste grad aktuelt, seier Gitmark til Klassekampen. Han legg til at det skal vera eit tilbod om å fullføra utdanninga, for så å reisa tilbake. Men ikkje alle vil kunna reisa tilbake, og det må vurderast i kvart tilfelle kva som vil vera trygt.
 – Det er meir meiningsfullt å la etiopiske studentar som har opponert mot eit diktatur fullføra studiane i staden for å leva som papirlause i Noreg, seier Rune Berglund Steen, Antirasistisk Senter.
 – Alle som er aktive i Etiopia er i ein vanskeleg situasjon. Vi har nemnt nokre land, det kan vera fleire, seier SAIH-leiaren. Når det gjeld vurdering av søknader, viser ho til Scholars at Risk, som har gode metodar for å velja dei mest utsette akademikarane. Dei tar imot søknader får heile verda og sjekkar grundig.
 – Det kan bli mange søknader? – Noreg kan vera ein del av ei løysing, og håpa at andre land kan laga tilsvarande ordningar, seier Høgre-representanten. magnhild.folkvord@klassekampen.no

 SAIH:– Vi er glad for brei politisk støtte, seier SAIH-leiar Anja Bakken Riise. 

Flere saker:

Radi-Aid Awards 2017: Her er vinnerne

Radi-Aid Awards 2017: Her er vinnerne

Et innslag med Ed Sheeran fra britiske Comic Relief fikk prisen for årets verste innsamlingsvideo i bistandsbransjen, under SAIHs årlige prisutdeling Radi-Aid Awards. Den gjeveste prisen gikk til War Child Nederland. Begge vinnere har respondert på utmerkelsen.

Rettsak mot akademikere i Tyrkia

Rettsak mot akademikere i Tyrkia

I dag startet de første av mange rettsaker mot akademikere i Tyrkia, som i januar 2016 signerte et opprop mot myndighetenes behandling av sivile kurdere. Students At Risk-student Ekin Baris Sah var en av dem. Nå risikerer han 7,5 års fengsel.