Laurdag deltok SAIH-Bergen på ”Brukerorganisasjonenes Helhus – Vårens mest spennende eventyr”. Ti ulike studentorganisasjonar kom saman denne kvelden for å skapa god stemning på Kvarteret. Blant arrangementa kan ein nemna konsertar med “Your headlights are on” og ulike studentkor, “Kviss” med Helge Jordal, allsong, foredrag – og sist, men ikkje minst: Leik og dans med DJ Sør og SAIH. Vi kunne by på ein dansande elefant (jentene låg flate!), ulike spel og konkurransar, samt herlege rytmar frå Afrika og Latin-Amerika. Sjeldan har det vore så varm stemning i Stjernesalen på Kvarteret.
Det var koseleg det
Berre synd det er so vandskeleg å dra ein haug folk ut før kl 00.00…