
Student activist? Get in touch!
SAIH is conducting research on student activism worldwide. Are you a student activist? We want to hear your experience!
Utviklingsminister Erik Solheim sa på eit møte med solidaritets- og bistandsorganisasjonane fredag at UD vil utarbeide ein strategi for korleis Noreg kan støtte dei breie folkerørslene som no har fått makta i Latin-Amerika.
- SAIH synes det er svært positivt at utviklingsministeren fokuserer på dette, og vi vil gjerne bidra til prosessen. Mange av våre partnerar i Bolivia er svært aktive i boliviansk samfunnliv og politikk. Vi har difor eit godt innblikk i situasjonen i landet i dag, seier Kathrine Sund, leiar i SAIH.
Aymaraindianeren Evo Morales vann i desember 2005 presidentvalet i Bolivia. Morales er den første urfolkspresidenten i landet si historie, til trass for at urfolk utgjer nærare to tredelar av landet si befolkning. Les om bakgrunnen for valet her.
Ei anna positiv tilbakemelding frå utviklingsministeren til SAIH, er at regjeringa vil halde fram med ei massiv satsing på utdanning innanfor utviklingsarbeidet.
- Vi etterlyser framleis eit sterkare fokus på høgare utdanning i bistanden. Vi håper også at regjeringa vil følgje opp dei gode signala dei ga då dei i WTO trakk krava til utviklingsland om å åpne opp for handel med høgare utdanning, seier Kathrine Sund.
Les meir om Noreg og handel med utdanning her.
SAIH is conducting research on student activism worldwide. Are you a student activist? We want to hear your experience!
I perioden 16. -27. oktober skal SAIH og Operasjon Dagsverk holde hundrevis av foredrag over hele landet. Har du lyst til å bidra?
22.-24. september er det tid for et av høstens høydepunkter, nemlig SAIHs Høstsamling! Velkommen til en helg fylt med faglig innhold, politisk skolering og mye moro. Frist for påmelding er søndag 10. september.