Community Development and AIDS Outreach Projects

Samarbeidet med SAIH er nå avsluttet. Community Development and AIDS Outreach Projects (CDOP) vart stifta for å arbeide med å utvikla lokalsamfunn gjennom dynamiske og aktiviserande metodar, og for å førebyggja hiv/aids.
(image) CDOP er ein grasrotorganisasjon i Pietermaritzburg, KwaZulu-Natal, som vart etablert i 1994. Bakgrunnen for etableringa var ei behovsundersøking i områda kring Pietermaritzburg som avdekka at det var lite eller ingen informasjon om hiv/aids-situasjonen, og heller ingen organisasjon som hadde teke opp denne utfordringa. CDOP opererer gjennom tematiske aktivitetsgrupper. Desse er hovudsakleg ”Inntektsskapande Aktivitetar” og ”Ungdomsgrupper”.

Styret er sett saman av medlemmar i målgruppene som organisasjonen arbeider med, feltarbeidarar og sekretariatet. SAIH støtta fyrst hiv/aids-arbeidet til CDOP med midlar frå NORAD. I 2005 kom CDOP med i Ungdom mot vald-programmet til SAIH som erstøtta av OD-2004.

OD-2004: Ungdom mot vald:
Kvar av ungdomsgruppene har kring 20 medlemmar. Kvar av medlemmane i ungdomsgruppene er forventa sjølve å ha ei grupper. Gruppene møtes vanlegvis ein gong i veka. Det er mykje opp til gruppene sjølve kva dei gjer på gruppemøta. Ofte øver dei på dramatiseringar av bodskap om hiv/aids, og førebygging av vald og kriminell aktivitet. Dei lagar eigne dramatiseringar, og legg mykje av seg sjølv inn i dramatiseringane.

Gruppemedlemmane seier at dei gjennom gruppa får tilhøyrsle og vener, og lærer om førebyggjande aktivitetar både innan hiv/aids og vald. CDOP arrangerer i tillegg opplæringsprogram for medlemmane i gruppene. I tillegg til å gje leiaropplæring, tek desse opplæringskursa for seg aspekt ved hiv/aids, vald og kriminalitet. 

Flere saker:

SAIH søker kontroller / økonomirådgiver

SAIH søker kontroller / økonomirådgiver

Har du økonomibakgrunn og brenner for internasjonalt utviklingssamarbeid? Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) søker kontroller/økonomirådgiver til vårt sekretariat i Oslo.

Students at Risk sikret til 2021

Students at Risk sikret til 2021

Flertallet i utenrikskomiteen har besluttet å videreføre ordningen Students at Risk frem til 2021, før en ny evaluering gjennomføres. Dette er gledelige nyheter for forfulgte studenter verden over.