Drama AIDS Education

Drama AIDS Education (DramAidE) brukar drama for å aktivisera ungdom i skulen til å kommunisera effektivt om emna ungdom og vald, seksualitet og hiv/aids. Målet er å få eit nettverk av unge ressurspersonar om temaet hiv/aids.
(image)  

DramAidE er ein universitetsbasert NGO (ikkje-statleg organisasjon) som vart etablert i 1992, med kontor både ved Universitetet i Zululand og Universitetet i KwaZulu-Natal. SAIH byrja å samarbeide med DramAidE i 2002 gjennom eit hiv/aids-prosjekt i samband med OD-2000.

Samarbeidet med SAIH er nå avsluttet.

OD-2004: Ungdom mot vald:
Dynamikken i Dramaide sitt prosjekt er at DramAidE årleg vel 12 nye skular som dei i ein eitt års periode går gjennom eit intensivt motiveringsarbeid saman med. Året startar med ei dramaframsyning som skapar interesse for aktivitetar omkring temaet ungdom og vald. Etter diskusjon med elevane vert ei gruppe etablert, og etter kvart vert denne gruppa ein klubb. Medlemmane i klubben får gjennom året opplæring i tema som feminitet og maskulinitet, kjønnssensitivitet, avstand frå vald, leiarskap, motivering og metodar for å diskutera desse emna med jamaldringar. Aktivitetane i klubben vert også diskuterte med foreldra til elevane.

Klubbmedlemmane øver inn dramatiseringar omkring tema dei har fått opplæring i. Desse dramatiseringane vert viste for heile skulen, og kjem med i ein diskusjon omkring temaet vald i skule og lokalsamfunn.

I tillegg til arbeidet med klubbane er DramAidE sine feltarbeidarar ressurspersonar for skulane. Dei hjelper til slik at skulen får tilgang til dei ressursane som faktisk er tildelt dei.

www.dramaide.co.za

Flere saker:

SAIH søker kontroller / økonomirådgiver

SAIH søker kontroller / økonomirådgiver

Har du økonomibakgrunn og brenner for internasjonalt utviklingssamarbeid? Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) søker kontroller/økonomirådgiver til vårt sekretariat i Oslo.

Students at Risk sikret til 2021

Students at Risk sikret til 2021

Flertallet i utenrikskomiteen har besluttet å videreføre ordningen Students at Risk frem til 2021, før en ny evaluering gjennomføres. Dette er gledelige nyheter for forfulgte studenter verden over.