Khulisa

Khulisa jobbar med å førebyggja kriminalitet, og med hovudkontor i Johannesburg organiserar dei arbeid i 5 provinsar i Sør-Afrika. Samarbeidet med SAIH er nå avsluttet.
(image)

Khulisa vart starta i 1997, og målet deira er å byggja eit levande sør-afrikansk samfunn som er fritt for kriminalitet. Organisasjonen arbeider med utdanning, opplæring og personleg utvikling på både individ- og samfunnsnivå. Tilnærminga spring ut av eit internasjonalt program om forteljarkunst og livsmeistring. I fyrste omgang arbeidde organisasjonen med ungdom i fengsel, men etter kvart har organisasjonen utvida, og arbeider i dag også i lokalsamfunn. Nyleg fekk organisasjonen sølvmedalje av Impumelelo Award

SAIH støttar eitt av underkontora til Khulisa. Det ligg i Pinetown i KwaZulu-Natal, og driv ”Make It Better”- prosjektet. Dette er det fyrste prosjektet i partnarskapen mellom Khulisa og SAIH. Prosjektet er ein del av ”Ungdom mot vald”-programmet til SAIH som er finansiert av Operasjon Dagsverk (OD-2004).

OD-2004: Ungdom mot vald:
”Make  It Better”-prosjektet er eit toårig kurs. Fyrste året blir det fokusert på opplæring, andre året på å få erfaring. Kvart år tek prosjektet inn om lag 30 ungdommar, og kurset er lagt opp som utarbeiding av eit prosjekt. Deltakarane, i grupper eller kvar for seg, vel eit aspekt ved sitt lokalsamfunn dei ynskjer å forbetra. Kurset tek så ungdomane gjennom planlegging og gjennomføring av prosjektet, steg for steg.  På vegen er dei innom ei rekkje tema: budsjettering, forhandlingar, gruppearbeid, leiaropplæring, nettverking, tale i offentlege forsamlingar med meir.  Andre året set ungdommane i verk prosjekta dei har utarbeidd. Det hender ofte at fleire ungdommar faktisk får seg jobb eller skapar seg ein jobb undervegs. Sjølv om mange har jobb før toårsperioden er over, held fleire likevel fram med prosjektet dei var med på å utarbeide. Denne blandinga av teori og praksis har vist seg svært effektiv i å få ungdom i arbeid.

http://www.khulisaservices.co.za/

Flere saker:

SAIH søker kontroller / økonomirådgiver

SAIH søker kontroller / økonomirådgiver

Har du økonomibakgrunn og brenner for internasjonalt utviklingssamarbeid? Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) søker kontroller/økonomirådgiver til vårt sekretariat i Oslo.

Students at Risk sikret til 2021

Students at Risk sikret til 2021

Flertallet i utenrikskomiteen har besluttet å videreføre ordningen Students at Risk frem til 2021, før en ny evaluering gjennomføres. Dette er gledelige nyheter for forfulgte studenter verden over.