Vald og framandhat i Sør-Afrika

Det byrja med trugsmål mot den veksande delen av flyktningar frå Zimbabwe , no er meir enn 20 personar meldt drepne, eit fleire tital personar innlagt på sjukehus og fleire tusen flyktningar har søkt tilflukt hjå politiet. Framandhatet og valden spreier seg frå Alexandra til fleire områder i Sør-Afrika. Les meir om bakgrunnen for situasjonen.

Samlingsstad for nye og gamle immigrantar
Alexandra er ein bydel i nordre utkanten av Johannesburg, den vart for mange immigrantar frå den sørafrikanske landsbygda til byen deira fyrste og endelege møte med byen, deira nye heimstad. Alexandra var særleg populært sidan her kunne også svarte eiga jord og såleis ikkje verta kasta ut av apartheid regiment. Seinare har det kome fleire immigrantar, men no også frå Mosambik og i dei seinare åra flyktningar frå Zimbabwe. Det er vorte trongt i Alexandra. Innflyttarane til Alexandra har hovudsakleg kome dit frå fattige kår, men med store forventningar om eit betre liv i byen.

Arbeidsløyse og fattigdom vs aukande ulikskapar
Ei av utfordringane det sørafrikanske samfunnet har stått over i fleire tiår, men som staten diverre har fått gjort lite med er den høge arbeidsløysa og fattigdommen i store lag av befolkninga. I fleire tiår har arbeidsløysa vore tosifra. Det er usikkert kor høg den faktisk er, men sjølv offisiell statistikk set den til over 30% og enno høgare i bydelar som Alexandra. Denne veksande fattigdommen står i sterk kontrast til den aukande velstanden i midelklassen, som gjer at kløfta mellom rik og fattig i Sør-Afrika veks.

Vald og kriminalitet i staden for smeltedigel
Ei mingling av folk med ulike bakgrunnar og ressursar kan ofte vera utganspunkt for framvekst og nyvinningar, ein slik smeltedigel vert ofte sett på som ein positiv prosess i samfunnet. I Alexandra er det også mange faktorar som hindrar for slike positiv smeltedigelprosess. Frå apartheid tida var det stor mistru til dei kvite blant mange svarte, og det var legitimt i deler av den svarte befolkninga å ta frå eller gjera herverk på kvite sine eigendomar. Dette var med på å leggja grobotn for vidare vekst i kriminaliteten. Samstundes vaks nye generasjonar fram i svarte slum bydelar som Alexandra. Staten på si side fokuserte særleg på å tryggja framveksten av ein svart middelklasse og makroøkonomiens framgang for staten. Det siste har i visseleg funne stad, men misnøya med eigne levekår for ein stor del av befolkninga er stor i Sør-Afrika.

Framandhat
Frustrasjonen med nabolandet Zimbabwe er veksande i den sørafrikanske befolkninga. Denne røyndomen er ulik den ANC (African National Congress) leiinga har. For den politiske leiinga i ANC er leiinga i Zimbabwe ein alliert frå fridomskampen, men for den oppveksande arbeidsledige sørafrikanaren i fattigstrøk er immigranten frå Zimbabwe meir konkurrent om dei få godane og jobbane som er.

Les meir/ kjelder:
http://www.irinnews.org/Report.aspx?ReportId=78267

BBC:
http://news.bbc.co.uk/2/hi/africa/7409628.stm
http://news.bbc.co.uk/2/hi/africa/7407914.stm

M6G
http://www.mg.co.za/articlePage.aspx?articleid=339526&area=/breaking_news/breaking_news__national/
http://www.guardian.co.uk/world/2008/may/19/southafrica1/print

Intermational Herld Tribune
http://www.iht.com/articles/2008/05/19/africa/19safrica.php

http://www.iht.com/bin/printfriendly.php?id=12999549

SABC
http://www.sabcnews.co.za/south_africa/crime1justice/0,2172,169795,00.html

Flere saker:

SAIH søker prosjektrådgiver  (Vikariat)

SAIH søker prosjektrådgiver (Vikariat)

SAIH søker prosjektrådgiver (10 mnd. vikariat) med erfaring fra internasjonal prosjektforvaltning med offentlige og private bistandsmidler. Du må ha god kjennskap til relevante verktøy for prosjektstyring og planlegging, økonomistyring og rapportering.