“Me fekk skikkeleg juling”

Nyleg vart han fengsla og torturert i 27 dagar. Welcome Zimuto i studentorganisasjonen ZINASU risikerer dødsstraff for sitt engasjement for studentar i Zimbabwe, etter å ha deltatt på eit møte om opprøra i Nord-Afrika. Korleis kunne dette skje? Og kva skjedde – eigentleg? I eit intervju med SAIH sin nestleiar Erik Schreiner Evans, som for tida er på prosjektreise i Zimbabwe, fortel han si historie.

Les òg: Programrådgivar Kari Anette Lindemann vart stoppa på grensa - reisebrev frå Zimbabwe.

Like etter at opprøra i Tunisia og Egypt har brote ut, melder SAIH sine partnarar i Zimbabwe, Student Solidarity Trust og studentorganisasjonen ZINASU, om auka vald og truslar mot sivilsamfunnsaktørar i hovudstaden Harare. Zimbabwe er i tillegg midt i ein overgangsprosess med utforming av ny grunnlov og muleg val seinare i år, noko som gjer situasjonen ekstra kritisk. Mange sivilsamfunnsaktørar freistar gjera styresmaktene klar over alle lidingane folk går gjennom og korleis dette bør møtast i ein ny grunnlov.

Få dagar seinare: Det er 19. februar, og Welcome Zimuto, styremedlem i ZINASU, skal delta på eit seminar med ei rekke organisasjonar frå sivilsamfunn og fagrørsla. Tema for seminaret er utviklinga i Nord-Afrika og Midt-Austen, der dei vil sjå på kva lærdom dei kan trekka av hendingane i Egypt og Tunisia og kva relevans dette kan ha for deira kontekst. Få timar seinare vert han og 44 andre arrestert. Han blir torturert i 27 dagar og risikerer no dødsstraff. På prosjektreise i Zimbabwe møter me Welcome - få dagar etter at han har kome ut frå fengselet:

(image)

Welcome Zimuto i ZINASU. Foto: Erik S. Evans/SAIH

- Fortell om den dagen du vart arrestert.
- Me hadde blitt tipsa om at seminaret ville bli stoppa av tryggingspolitiet til presidenten. Seminaret hadde difor blitt utsett frå klokka ti til to på ettermiddagen. Diverre la me ikkje merke til at me likevel vart infiltrert av ein etterretningsagent. Me såg ein kort film om korleis folk hadde organisert seg før og under opprøret i Egypt. Ei handfull av oss var inviterte til å tala om situasjonen sett frå våre respektive organisasjonar sine perspektiv. Eg tok føre meg tilstanden i høgre utdanning. Etter talene var det duka for debatt. Så langt kom me aldri. Straks siste talar var ferdig, vart bygningen storma av opprørspoliti i fullt utstyr. Det var 45 av oss i lokalet. Alle unntatt etterretningsagenten vart arresterte og køyrt på ein lastebil til det sentrale fengselet i Harare. I tillegg tok dei med seg ein tilfeldig forbipasserande som berre var på feil stad til feil tid. Etter kvart vart me overført til avdelinga for mordarar og valdtektsmenn. Der fekk me skikkeleg juling. Dei av oss som hadde heldt tale fekk gjennomgå ekstra hardt. Dei slo oss igjen og igjen med køller og alle moglege slags gjenstandar. Eg anar ikkje kor mange gonger dei slo meg, dei haldt på i om lag tre timar. Samstundes freista dei få meg til å tilstå at me planla å styrta regjeringa. Blant dei som banka og avhøyrde meg, var det nok ikkje berre politifolk. Eg trur somme av dei var statlege etterretningsagentar. Utpå kvelden sette dei oss i politiforvaring.

- Kva skjedde så?
-Me vart sitjande i politiforvaring i fem dagar. Desse dagane vart me jamleg avhøyrde av ulike folk med og utan uniform. Nokre av dei banka oss litt ekstra, medan andre berre stilte spørsmål. Eg var rimeleg mørbanka etter kvart, særleg var føtene mine veldig hovne. Eg var redd eg skulle få permanente skader. Etter desse fem dagane vart me overført til fengselet att. Fyrst då fekk me noko behandling for skadane. Advokatane våre hadde bede om at ein lege måtte få sjå til oss. I staden kom ein sjukepleiar som ikkje kunne gjera anna enn å gje oss antibiotika. På den tiande dagen kom det endeleg ein lege, men ho undersøkte oss eigentleg ikkje, berre spurte oss spørsmål om korleis me hadde det. Ho verka ikkje særleg interessert. 

- Og så vart du framstilt for retten?
-Ja. Det fyrste rettsmøtet vårt var 23. februar. Alle 45 av oss vart tiltalte for forræderi og undergraving av regjeringa. Dette er dei mest alvorlege brotsverka ein kan bli tiltalt for og kan straffast med fengsel på livstid eller dødsstraff. Noko slikt har aldri skjedd før i Zimbabwe. 7. mars slo dommaren fast at det ikkje var grunnlag for å tiltala dei fleste av oss og sette dei fri utan kausjon. For seks av oss, vart derimot tiltalen ståande. Deretter var det litt att og fram. Det var fleire rundar med avhøyr der dei freista få oss til å signera manipulerte forklaringar. Sidan me nekta å signera forklaringane dei hadde skrive, sette dei oss i politiforvaring att. Slikt er forbode under den gjeldande grunnlova. Ein gong sat me i tre dagar utan å få mat.

- Korleis opplevde du alt dette?
-Det var frykteleg. Fengselet i Harare er i elendig stand. Me sat på avdeling D for høgrisikofangar. Alle fangane der sat inne for særs alvorlege brotsverk, somme var dømde til døden. Heile tida vart me flytta rundt mellom celler for at me ikkje skulle kunne spreia ideane våre og mana til opprør. Cellene varierte frå overfylte storceller med 50 mann til isolerte småbur. 

- Kor står saka no?
-Etter 27 dagar i fangenskap vart eg lauslaten mot kausjon 17. mars og ventar no på at saka skal koma for retten. Personleg trur eg ikkje det vil skje på veldig lenge. Det ville vore heilt absurd om me skulle bli dømt for noko slikt. Styresmaktene har ei svak sak mot oss. Det vil vera i deira interesse å utsetja denne saka så lenge som mogleg. Truleg ynskjer dei å senda eit signal om at opposisjonell verksemd vil bli slått hardt ned på. Samstundes vil dei nok sjå an dei internasjonale reaksjonane på denne saka. I mellomtida må eg melda meg for politiet tre gonger i veka, får ikkje forlata byen og må finna meg i konstant overvaking. Eg får heller ikkje halda fram med utdanninga mi og har ingen sjanse til å skaffa meg nokon jobb, avsluttar Welcome.

Erik Schreiner Evans og programrådgivar Kari Anette Lindemann har møtt fleire studentar og representantar frå SAIH sine samarbeidspartnarar på prosjektreise i Zimbabwe. Dei fortel om fleire dømer på den prekære situasjonen - les på SAIH sin blogg.  Zimbabwe Human Rights NGO Forum rapporterer dessuten om fleire døme på åtak av opposisjonelle av tilhengarar av president Mugabe sitt parti Zanu PF. Solidarity Peace Trust Zimbabwe har oppsummert påverknaden hendingane i Nord-Afrika har på den politiske situasjonen i Zimbabwe her.

Flere saker:

Vi feirer 7 år med Radi-Aid

Vi feirer 7 år med Radi-Aid

Nordmenn fryser fortsatt! 7. november ble årets (og aller siste!) Radi-Aid-kampanje lansert i sosiale medier. I den anledning inviterer vi til en storslått feiring på Vega scene, torsdag 14. november.

«Det er lettere å være åpen utenfor universitet»

«Det er lettere å være åpen utenfor universitet»

Det mener fire unge aktivister SAIH møtte i Yangon tidligere denne måneden. Til tross for at homofili er forbudt ved lov i Myanmar, finnes det aktører som jobber for å styrke LHBT personers rettigheter. En viktig arena for dette arbeidet er landets universiteter.