Utanriksdepartementet har skjønt det

Regjeringa la i dag fram statsbudsjettet for 2012. I Utanriksdepartementet sitt budsjett for globale ordningar blir støtta til sivilt samfunn auka med 40 millionar kroner. Halvparten av dette er øyremerka til utdanning. Budsjettproposisjonen held også fram at norske organisasjonar har eit særskilt ansvar for å styrka partnarane sine slik at dei kan væra talspersonar og endringsaktørar på vegne av marginaliserte grupper.

Pressemelding frå Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond – SAIH 06/10-11

SAIH har jobba jamt og trutt i fleire tiår for å få eit større fokus på utdanning og sivilsamfunn i norsk utviklingspolitikk. Det er særs positivt at Regjeringa no ser ut til å ha skjønt at dette er nøkkelfaktorar for å sikra langsiktig og berekraftig utvikling, seier Anette Remme, leiar av SAIH.

Dette statsbudsjettet oppfyller også Stortinget sin visjon om eit bistandsbudsjett på 1 % av brutto nasjonalinntekt (BNI). Sjølv om andelen av bistand til flyktningtiltak i Noreg, såkalla ODA-tiltak, er redusert, gjer desse at bistandsprosenten framleis ikkje er heilt reell. SAIH meiner at flyktningtiltak og klimafinansiering bør koma i tillegg til ein-prosenten.

Regionalløyvinga til Afrika blir auka samstundes som løyvinga til Latin-Amerika blir vidareført på same nivå utan indeksjustering, noko som reelt betyr ein svak nedgang. Støtta til Nicaragua blir redusert etter at ambassaden i Managua vart lagt ned. Likevel ser SAIH det som positivt at arbeidet til den nicaraguanske frivillige organisasjonen FADCANIC trekt fram som eit godt døme på berekraftig naturressursforvalting.

At partnaren vår, FADCANIC, blir framheva som eit godt døme på ein vellukka utviklingsaktør, vel me å tolka som eit kompliment til SAIH og vårt arbeid. Likevel er det eit skår i gleda at den totale støtta til Nicaragua blir justert ned, avsluttar Remme.

Foto
Pressebilete av Anette Remme (Foto SAIH): http://saih.no/noop/file.php?id=8268

SAIH er studentar og akademikarar i Norge sin eigen solidaritets- og bistandsorganisasjon. SAIH jobbar med utdanningsbistand, informasjon og politisk påverknad.

Flere saker:

Vi feirer 7 år med Radi-Aid

Vi feirer 7 år med Radi-Aid

Nordmenn fryser fortsatt! 7. november ble årets (og aller siste!) Radi-Aid-kampanje lansert i sosiale medier. I den anledning inviterer vi til en storslått feiring på Vega scene, torsdag 14. november.

«Det er lettere å være åpen utenfor universitet»

«Det er lettere å være åpen utenfor universitet»

Det mener fire unge aktivister SAIH møtte i Yangon tidligere denne måneden. Til tross for at homofili er forbudt ved lov i Myanmar, finnes det aktører som jobber for å styrke LHBT personers rettigheter. En viktig arena for dette arbeidet er landets universiteter.