Women's Worlds - Framsteg og utfordringar i ei kjønna verd

Den åttande internasjonale kvinnekonferansen vart arrangert i Kampala 21 til 26 juli 2002. Konferansen samla omlag 2200 aktivistar og akademikarar frå 94 land med eit overveldande fleirtal av kvinner til ei hektisk veke i hovudstaden i Uganda.

Programmet var organisert rundt så mange som atten tema og dette gjorde at ein kunne velja mellom omlag seksti foredrag og diskusjonar kvar dag. Dette mangfaldet var imponerande, men på same tid vanskeleg å orientera seg i. Me fekk høyra vitnesbyrd frå alle kantar av verda, om framskritt og framfor alt utfordringar i arbeidet for å fremma kvinner sine rettar. Under temaet kvinner og høgare utdanning vart det fokusert, ikkje berre på kvinners tilgang til utdanning, men og mogelegheitene for kvinner å "overleva" på eit universitet. Seksuell trakassering, unyansert pensum og mangel på fasilitetar for kvinner (som t.d. toalett og hyblar) var faktorar som vart trekte fram. Noko som òg er eit problem for både unge kvinner og menn, er forholdet mellom høgare utdanning og mogelegheitene for å få jobb. Sjølv om det er viktig å bygga opp eit akademisk miljø, må ein og sjå på den røynda som ventar studentane etter dei har fullført eit høgre studium.

Eit mangfald av meiningar og erfaringar kom òg fram i diskusjonane mellom kvinner som deltok på konferansen. Forskarar og aktivistar frå nord og sør stilte kritiske spørsmål til kvarandre og gav på ingen måte inntrykk av å vera ei homogen gruppe kvinner med eit felles mål, noko som kanskje har vore oppfattinga av kvinnerørsler tidlegare. Presidenten av Uganda innleia konferansen med ein tale som på mange måtar illustrerer dette mangfaldet av meiningar. Han provoserte somme og gleda andre med å råda kvinner til ikkje å vulgarisera likestillingsdebatten med t.d. å pressa menn inn på kjøkkenet, og fokuserte på kvinners viktige roller i samfunnet som mødre, koner og døtrer. Talen vart kommentert og diskutert under heile konferansen, og meiningane om den fylgde ikkje nødvendigvis eit nord-sør skilje.

Dette mangfaldet gjorde opplevinga av konferansen svært positiv. Konstruktiv debatt og usemje er naudsynt for å koma vidare, og det er godt å veta at ikkje vestlege ideal og erfaringar vert slukt rått eller kopiert, men vurdert og diskutert i eit kritisk forum.

Flere saker:

Ledig stilling: Daglig leder i SAIH

Ledig stilling: Daglig leder i SAIH

Vil du være daglig leder i en solidaritetsbevegelse som brenner for lik rett til utdanning? Gjennom samarbeid med organisasjoner i Sør og nyskapende kampanjer, er SAIH en ledende stemme for studenters rettigheter, akademisk frihet og inkluderende høyere utdanning.

STILL TIL VALG I SAIH

STILL TIL VALG I SAIH

Kunne du tenke deg et verv i Norges største solidaritetsorganisasjon for studenter og akademikere? Her finner du alt du trenger å vite for å stille til valg i SAIH.

The global anti-gender movement

The global anti-gender movement

There is a global movement that are trying to hollow out LGBTI rights and are making efforts to eliminate critical knowledge on gender and sexuality diversity.