Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Sterke kvinner i Vest-Sahara

Ministeren er stolt av dei Vest-Sahariske kvinnene som speler ei viktig rolle flyktningleiren. På grunn av at dei fleste menn deltok i krigen måtte kvinnene ta eit stort ansvar i flyktningleiren. Forutan det å overleve i ein steril ørken, har kvinnene sine oppgåver vore å førebu oppbygginga av ein ny nasjon, bygga opp infrastruktur og å organisera og utvikla utdannings -og helsesystem, med svært få ressursar til hjelp.

Utdanning av kvinner har i lang tid vore prioritert blant saharawiane. 27.Februar-skulen vart etablert i på slutten av 1970-talet, og er støtta av humanitære organisasjonar i Ungarn. Skulen er open for alle kvinner, og utdannar kvinnene i administrasjon, helse, utdanning og solenergi. Då skulen vart etablert var det viktig å utdanne kvinner for å driva flyktningleiren. Men Polisario sin tanke bak denne skulen er meir vidtrekkande, den er ein del av arbeidet for likestilling av kvinner og menn.

Utdanning generelt sett er svært viktig i flyktningleiren. Alle born går på skule frå dei er tre til femten år gamle, men for vidare studiar må ungdomane sendast utanlands. Til no har dei fleste fått vidaregåande - og universitetsutdanning i Algerie, Spania eller på Cuba. Då leiren vart oppretta i 1976 var analfabetismen rekna til å vera 90%. I dag er det berre om lag 20% som ikkje kan lesa og skriva. Mennene har fått opplæring i armeen og kvinnene har delteke på kurs helde av studentar på sommarferie.

Kvinnerolla har endra seg mykje i det vest-sahariske samfunnet. I det opphavlege nomadesamfunnet hadde kvinnene ei relativt sjølvstendig rolle. Mange menn var karavaneførarar og var borte i lange periodar. Kvinnene hadde difor ansvaret for husdyr, familien og hushaldet. Dei saharawiske kvinnene har aldri vore nøydde til å dekka ansiktet med slør. Under den spanske kolonitida vart kvinnene sin situasjon forandra og dei vart meir avgrensa til heimlege aktivitetar. Det vest-sahariske kvinneforbundet NUSW (National Union of Saharawi Women) vart danna i 1979 på initiativ frå Polisario Front. NUSW organiserer i dag 10 000 kvinner og arbeider med kvinner sin situasjon og utvikling.

Sjølv om dei saharawiske kvinnene er betre utdanna og meir likestilte enn kvinner i andre arabiske land er dei framleis dårleg representerte i politikken. Sjølv om kvinner har alle politiske rettar, røystar kvinner framleis heller på ein mann enn på ei kvinne. Kvinnene har enno ikkje fått alle rettane dei har krav på, og mykje arbeid gjenstår. Likevel har dei saharawiske kvinnene kome langt. NUSW har kontakt med kvinneforbund i heile verda og deltek på internasjonale konferansar. Kvinnene er medvetne om dei problema som kan oppstå når Vest-Sahara ein dag vert fritt. Det finst eksempel på at kvinner vert tvungne tilbake til ei passiv rolle etter at motstandskampen er over. Dette vil ikkje dei saharawiske kvinnene gå med på, dei vil ikkje mista det dei har vunne.

Kjelder/Vidare lesing:

Thunberg, Lena (red.), Föreningen Västsahara 1998. Västsahara - Afrikas siste koloni. Tidskriftsverkstaden i Väst, Göteborg.

Föreningen Västsahara 2002. Saharabulletinen nr. 2 2002. Tidskriftsverkstaden i Väst, Göteborg.

National Union of Saharawi Womenhttp://www.arso.org/UNFS-Homepage.htm

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

to kvinner smiler til kamerato kvinner smiler til kamera

Nyhet

Studentdemokratier stemmer frem mer solidaritet

To nye studentdemokratier skrur opp støtten til SAIH. Vedtaket betyr økt støtte til studenters globale kamp for utdanning og rettigheter - gjennom en av Norges mest unike solidaritetsordninger.

Les nyhet
A group of people are standing in a circle talking to each otherA group of people are standing in a circle talking to each other

Nyhet

SAIHs sommerleir 2025

Nå kan du melde deg på SAIHs sommerleir 2025! Her møtes aktivister og medlemmer fra hele landet til en helg fylt med bading, faglig påfyll, aktivisme og mye moro. Vi håper å se deg der!

Les nyhet
a large group of people are posing for a picture on a set of stairs .a large group of people are posing for a picture on a set of stairs .

Nyhet

Dette skjedde på SAIHs årsmøte

24. og 25. april var over 70 delegater, observatører og gjester samlet i Oslo for SAIHs årsmøte 2025.

Les nyhet
three women are posing for a picture in front of a brick wallthree women are posing for a picture in front of a brick wall

Nyhet

Valgkomiteens innstilling til SAIHs arbeidsutvalg 2025/2026

Valgkomiteen innstiller på Henriette Reierson Johnstone som leder av SAIH, og Nicole Becerra Vivanco og Thais Alfaro Sandoval som nestledere.

Les nyhet
a taco on a plate with the words verdens kjedeligste tacoa taco on a plate with the words verdens kjedeligste taco

Nyhet

Verdens kjedeligste taco

Kvaliteten på fredagstacoen er helt klart best når innholdet er variert. Sånn er det også med kvaliteten i norsk høyere utdanning.

Les nyhet
a fist is holding a pencil in front of a flag .a fist is holding a pencil in front of a flag .

Nyhet

Ledig stilling: Rådgiver for høyere utdanning i Palestina

Som svar på den systematiske ødeleggelsen av høyere utdanning er aktører i den norske høyere utdanningssektoren nå i ferd med å etablere et konsortium for høyere utdanning i Palestina.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon