Ny strategi for Latin-Amerika

Solheim lovte økt fokus på Latin-Amerika i møte fredag.

Utviklingsminister Erik Solheim sa på eit møte med solidaritets- og bistandsorganisasjonane fredag at UD vil utarbeide ein strategi for korleis Noreg kan støtte dei breie folkerørslene som no har fått makta i Latin-Amerika.

- SAIH synes det er svært positivt at utviklingsministeren fokuserer på dette, og vi vil gjerne bidra til prosessen. Mange av våre partnerar i Bolivia er svært aktive i boliviansk samfunnliv og politikk. Vi har difor eit godt innblikk i situasjonen i landet i dag, seier Kathrine Sund, leiar i SAIH.

Aymaraindianeren Evo Morales vann i desember 2005 presidentvalet i Bolivia. Morales er den første urfolkspresidenten i landet si historie, til trass for at urfolk utgjer nærare to tredelar av landet si befolkning. Les om bakgrunnen for valet her.

Ei anna positiv tilbakemelding frå utviklingsministeren til SAIH, er at regjeringa vil halde fram med ei massiv satsing på utdanning innanfor utviklingsarbeidet.

- Vi etterlyser framleis eit sterkare fokus på høgare utdanning i bistanden. Vi håper også at regjeringa vil følgje opp dei gode signala dei ga då dei i WTO trakk krava til utviklingsland om å åpne opp for handel med høgare utdanning, seier Kathrine Sund.

Les meir om Noreg og handel med utdanning her.

Flere saker:

SAIH deltar i digital Pride

SAIH deltar i digital Pride

I år blir det en annerledes Pride, men ikke mindre viktig av den grunn! Les mer om våre aktiviteter og hvordan du kan delta.

bli med på digital dugnad

bli med på digital dugnad

Verdens Beste Nyheter 2020 planlegger for en annerledes kampanjedag og vi trenger deg med på laget! Bli med på digital dugnad 17. september.