Nyhet
Alle gode ting er tre
Han, hun, hen. Tre ord. Tre kjønn. For mange er det siste ordet heilt ukjent, dessverre.
For knappe to veker sidan byrja eg på min master i menneskerettigheitar ved UiO. Når folk spør meg om kvifor eg valde å søke på akkurat denne masteren kan det ofte vere vanskelig å svare noko konkret. Men når eg her på måndag under ein etterlengta TV-kveld kom over programmet ” Født i feil kropp” på tv2 gjekk det opp for meg. Eg studera menneskerettigheitar fordi eg blir provosert. Eg blir provosert når menneskjer blir undertrykt, diskriminert og ekskludert i eit samfunn eg sjølv er ein del av.
Ei slik diskriminering er kvardagen til mange nordmenn med ein kjønnsidentitet eller eit kjønnsuttrykk som ikkje stemmer overens med det kjønnet dei vart gitt ved fødsel. Debatten rundt kjønnsidentitet har lenge vore usynlig i norsk media, men har så smått byrja å vekke meir oppsikt i samfunnsdebatten. For å fjerne denne diskrimineringa er SAIH er opptatt av at det må skje ei holdningsendring både i Noreg og i Sør mot diskrimineringa av lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interseksuelle (LHBT). Samtidig støttar SAIH opp om menneskerettigheitar knytte til seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Brot på menneskerettigheitar
Menneskerettigheitar er nemlig nødvendig å trekke inn i denne debatten. Per dags dato krev den norske staten at ein steriliserast ved kirurgisk inngrep for å få endra kjønn juridisk. Dette er eit klart brot på retten til privatliv og sjølvråderett over eigen kropp. For svært mange er det er det ikkje nødvendig med kirurgiske inngrep for å føle seg som mann eller kvinne. At ein sjølv føler seg trygg på den identiteten ein har valt burde vere nok. Om eg vil gå under tittelen han, hun eller til og med hen burde ikkje dette vere eit problem. Men ofte er det situasjonar der det dessverre ikkje er nok at ein sjølv er sikker på sin kjønnsidentitet.
Det magiske talet 9
I norske personnummer er tal nummer ni det avslørande talet for kva kjønn du har. Er talet eit partal er du hokjønn og ved oddetal er du hannkjønn. Dette byr fort på forklaringsproblem i kvardagen. Noko så enkelt som å reise på ferie kan bli eit problem når ein blir stoppa i
passkontroll fordi det juridiske kjønnet i passet ikkje stemmer overens med det kjønnsutrykket som vises. Men ein skal vel ikkje måtte tvangskastrerast for å gjere det lettare å reise?
Endringar
Heldigvis har nokre land byrja å innsjå behovet for både ei holdningsendring samt lovendring rundt det tredje kjønn. I både Australia, Tyskland, Nepal og India har det blitt lovlig å oppføre kjønnet X i passet for personar med eit uklart kjønnsyttrykk. Og i sommar skjedde det også ei endring i Noreg. No har skatteetaten bestemt seg for å innføre kjønnsnøytrale personnummer, noko som er ein klar seier for debatten rundt kjønnsidentitet.
Likevel er dagens diskriminering av transpersonar ikkje akseptabel. For å betre denne situasjonen krev det at fleire blir provoserte. Så set deg ned i sofaen, tenk etter og bli provosert.