Nyhet
Bolivia: Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT) sine rettar i fokus
Politisk kampanjetema
(image) Foto- (CC) Ludovic Berton
LHBT er meir synleg i Bolivia no enn nokon gong. Styresmaktene har i fleire månadar drive kampanje for toleranse og aksept for LHBT-grupper, m.a. gjennom tv-reklamar og store plakatar i gatene.
Konservative grupper i Bolivia, m.a. knytte til den katolske og evangeliske kyrkjer, trakk fram ekteskap mellom to av same kjønn som viktig tema i sluttspurten av valkampen mot ny grunnlov. Det er tema som appellerer til konservative grupper, og det vart m.a. nytta slagord som ”Stem for Gud, stem Nei!”. Etter sterkt press frå desse gruppene undervegs i prosessen med ny grunnlov, definerer teksten ekteskapet mellom mann og kvinne. Likevel vart grunnlova presentert som open for ekteskap mellom to av same kjønn, og media køyrde saka med store overskrifter.
Ny grunnlov