Nyhet
Brubyggjar i eit splitta Bolivia
(image) Studentar ved leiarskulen ved Universitetet i Cochabamba. Fundacion PROEIB Andes samlar ungdom frå mange av Bolivias 32 urfolksgrupper til leiarskule på universitetet i Cochabamba. Urfolksungdommane lærer om interkulturell og tospråkleg utdanning, og målet er å skapa leiarar for framtidas Bolivia.
Rasisme og politiske konfliktar
Dei mange politiske konfliktane og regionale konfliktane i Bolivia viser seg i rasistiske uttrykk. Det verste tilfellet hende i byen Sucre 24. mai dette året. President Evo Morales vart av opposisjonelle krefter forhindra frå å vitja byen. For dei mange tilreisande urfolksrepresentantane frå områda rundt, som hadde kome til byen for å delta i møtet med presidenten, vart følgjene alvorlege. Mobbar med radikale universitetsstudentar i spissen gjekk til fysiske åttak på tilreisande bønder, og over 50 vart skadde. Mobben nytta grove rasistiske utsegn, kledde av bøndene på overkoppen, tvang dei i kne på hovudplazaen i byen og brant det tradisjonelle urfolksflagget. Både nasjonale og internasjonale menneskerettsinstitusjonar har fordømt hendinga.