Nyhet
Eit steg i rett retning for høgare utdanning for urfolk
(image) Studenter ved UAC-Puccarani
Diskriminering i utdanningssystemetUrfolk i Bolivia møter mange hinder i utdanningssystemet. Grunnskuleutdanninga på landsbygda er ofte prega av lite ressursar og mangel på kvalifiserte lærarar. Det går utover kvaliteten på undervisninga, og dei som gjennomfører grunnskulen har ofte vanskar med opptaksprøvar og fullføring av høgare utdanning. I tillegg finst dei fleste universitet i byane og har ikkje fokus på eller er tilpassa urfolk sin kunnskap, kultur, språk og kontekst. Berre 12 % av urfolksungdom mellom 20 og 24 tar høgare utdanning, medan talet er 22 % av dei som ikkje identifiserer seg sjølv som urfolk[1].
System i endringSAIH sine partnarar gjennom mange år i Bolivia, Unidades Academicas Campesinas (UAC), har til no vore av dei få institusjonane som tilbyr høgare utdanning til urfolksungdom på landsbygda. Dei legg vekt på ei relevant utdanning og inkluderer urfolk sin eigen kunnskap og tradisjonar i undervisninga. Det vert og undervist på urfolksspråk. På grunn av dette fokuset har UACane opplevd å bli sett ned på av andre universitet, der verdsettinga av ”vestleg” utdanning er sterk og blir sett på som det akademiske idealet.
Med den noverande bolivianske regjeringa sin politikk ser det ut til at urfolksperspektivet blir styrka i høgare utdanningssektor. Urfolksorganisasjonar[2] har i dei seinare år hatt fokus på tospråklig interkulturell utdanning (EIB[3]). EIB er sentralt i forslaget til ny utdanningslov i Bolivia og vil betra kvaliteten på utdanningstilbodet. Den enkelte sin identitet skal styrkast og tradisjonar skal ivaretakast. Samstundes skal utdanninga bidra til brubygging og interkulturell forståing og respekt mellom ulike grupper i et mangfaldig land.
[1] Molina, Ramiro 2005 ”Los pueblos indigenas en Bolivia: Diagnostico sociodemograficoa partir del censo 2001”, s. 72, 80.
[2] Både nasjonalt i Bolivia og internasjonale nettverk.
[3] Educacion Intercultural Bilingüe