Nyhet
Federacion Nacional de Trabajadoras Asalariadas del Hogar de Bolivia - FENATRAHOB
Over 100 000 kvinner jobbar som hushjelper i Bolivia. Hovuddelen av dei er unge urfolkskvinner som kjem til byen for å arbeida. Mange vert utsett for psykisk og fysisk vald og arbeider under slaveliknande vilkår. Svært mange kjenner ikkje til sine rettar. FENATRAHOB organiserer hushjelpene, tilbyr dei opplæring i rettar og praktiske kurs, gir juridisk rådgjeving og driv politisk påverknadsarbeid for betre lovverk som sikrar rettane.
FENATRAHOB har syndikat over heile Bolivia, der dei lokale medlemmene samlar seg. Gjennom prosjektet støtta av SAIH får dei tilgang til praktiske kurs i m.a. data, opplæring i rettar og høve til å møta andre i same situasjon. FENATRAHOB har fleire advokatar som gir juridisk rådgjeving og hjelp. Politisk påverknad og auka rekruttering er del av prosjektet, for å auka ei marginalisert gruppe unge urfolkskvinner si deltaking og påverknadskraft i samfunnet. Konkrete aktuelle krav FENATRAHOB jobbar med no, er retten til formell og teknisk utdanning, sjukeforsikring og arbeidstid og ferie.