Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Fest i eit splitta Bolivia

(image) Evo Morales. Foto: Alain Bachellier (Creative Commons)

Ny grunnlovForsamlinga som har laga ny grunnlov for Bolivia kom i mål etter 16 månader med boikott, vald, sveltestreik og stor usemje. Fleirtalet av opposisjonen sine representantar boikotta både møtet i grunnlovsforsamlinga og kongressen då den nye grunnlova vart vedteken. Urfolksorganisasjonar, fagrørsler og andre støttespelarar til president Evo Morales, feirar derimot ei ny grunnlov for eit ”fleirnasjonalt og interkulturelt” Bolivia.

Grunnlova er enno ikkje formelt godkjend som gjeldande for Bolivia. Først må den få ja-fleirtal i folkerøysting på nyåret 2008. Festen blant sosiale rørsler og tilhengjarar av president Morales, har likevel starta. Ei ny grunnlov har vore ei av dei viktigaste kampsakene deira sidan 90-talet, og det var eit av Morales sine viktigaste politiske løfte då han vart valt i desember 2005. Morales sitt parti ”Rørsle for sosialisme”, hadde over 50 % av dei folkevalde representantane i grunnlovsforsamlinga, i tillegg til andre støttespelarar.SAIH-partnarar aktive i prosessenFleire av SAIH sine partnarar i Bolivia har jobba aktivt i forhold til grunnlovsforsamlinga. Urfolkskvinneorganisasjonen CDIMA har hatt kurs for urfolkskvinner om relevante tema, samla inn deira innspel og forslag og jobba for at urfolkskvinner skulle bli høyrt i prosessen. Ungdomsorganisasjonen CEADL i den fattige storbyen El Alto, har vore viktige aktørar for å få ungdom sine forslag inn i grunnlovsforsamlinga. Begge desse organisasjonane jobbar særskild med opplæring og mobilisering, slik at aktørar i det sivile samfunn kan komma med konstruktive forslag og meiningsytring basert på kunnskap om viktige sosiale og politiske tema.

Kampen for sjølvstendeParallelt med den veksande makta til sosiale rørsler i høglandet etter 2000, vaks kravet frå sterke krefter i fylka i låglandet om større regionalt sjølvstende (autonomi) fram. Storbyen Santa Cruz, der mange større føretak, jordeigarar og andre i den økonomiske eliten held til, er sentrum for autonomirørsla. Det er i låglandet størstedelen av dei rike olje- og gassressursane finst, og motstanden mot å dela desse med det fattige høglandet er stor.

Autonomirørsla i låglandet er svært kritiske til president Evo Morales sin politikk, og mykje tyder på at dei har drive ein aktiv kamp for å spolera arbeidet med ny grunnlov. Etter at opposisjonen sine representantar boikotta fora der ny grunnlov vart vedteke, har dei protestert mot å godkjenna prosessen som lovleg. Samstundes med at president Morales presenterte det nye grunnlovsforslaget for den oppmøtte folkemassen i La Paz, presenterte autonomirørsla sine statuttar for sjølvstende i fleire byar i låglandet. President Morales inviterer opposisjonen til dialog for å løysa konfliktane og definera innhaldet i autonomiomgrepet, som og er nytta og innført i den nye grunnlova. Det er stor avstand mellom dei to partane, og kva som skjer i Bolivia framover er det ingen som ein gong tør å spå.

Fleire Bolivia lenker her: http://www.latin-amerikagruppene.no/

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a large group of people are posing for a picture .a large group of people are posing for a picture .

Nyhet

Vintersamling 2025

Den beste helgen i februar nærmer seg – SAIHs vintersamling 2025! Vintersamling er en ypperlig måte å bli bedre kjent med organisasjonen på gjennom en god blanding av kreative workshops, interessante diskusjoner, aktivisme og morsomme aktiviteter. Ikke minst blir du kjent med andre engasjerte mennesker fra hele Norge og verden!

Les nyhet
a fist is holding a pencil in front of a flag .a fist is holding a pencil in front of a flag .

Nyhet

Støtt akademikere og studenter i Gaza

Innsamlingsaksjon for akademikere og studenter i Gaza.

Les nyhet
a globe is sitting on a stand on a white background .a globe is sitting on a stand on a white background .

Nyhet

Spennende mulighet: 'Youth Exchange Against Anti-Rights'

SAIH søker nyutdannede og unge fagfolk til å delta i det internasjonale utvekslingsprosjektet ‘Youth Exchange Against Anti-Rights’. Prosjektet innebærer et ettårig utvekslingsprogram mellom Sør-Afrika, Myanmar/Thailand og Norge, hvor deltakerne skal forske på rettighetskrenkende krefter som påvirker marginaliserte grupper, og bidra til påvirkningsarbeid for å motvirke disse kreftene.

Les nyhet
the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .

Nyhet

Når autoritære ledere lokker

SAIH frykter at fremveksten av autoritære ledere de siste årene, og en eventuell ny valgseier for Trump, betyr at demokratienes gullalder er forbi.

Les nyhet
a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .

Nyhet

Hva står på spill på COP16 i Colombia?

Koblingen mellom naturvern og urfolks rettsvern er åpenbar og direkte. Urfolks kulturelle overlevelse avhenger av naturmangfoldet der de bor.

Les nyhet
a man holding a flag that says union on ita man holding a flag that says union on it

Nyhet

El Activismo Bajo Ataque

¡Este año celebramos el décimo aniversario del programa Estudiantes en Riesgo (StAR)!

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon