Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

"FN inn"

(image) Fra klassekampen 16.04.2008

FN må innValet i Zimbabwe som vart halde 29. mars er framleis eit mysterium, då resultata frå presidentvalet enno ikkje har vorte publiserte. Heile landet ventar spent på å få vite kven som vert den neste leiaren, men President Mugabe har beordra valkommisjonen til ikkje å offentleggjere resultata som han allereie veit viser at han har tapt. For fyrste gong i Zimbabwe si historie vart valresultata hengt opp utanfor kvar valstasjon i heile landet rett etter valet. Opposisjonspartiet Movement for Democratic Change (MDC) tok utgangspunkt i desse, gjorde si eiga oppteljing og kom fram til at MDC sin presidentkandidat Morgan Tsvangirai hadde vunne valet med 50.3%, medan noverande president og kandidat for ZANU-PF, Robert Mugabe, hadde kome på andreplass med 42% av stemmene. I parlamentsvalet fekk MDC 99 av plassane, ZANU-PF fekk 97, og den andre fraksjonen av MDC, som er leia av Professor Mutambara, fekk 6 av plassane. Det som no er overraskande er at ZANU-PF framleis klamrar seg til makta, trass i at dei tapte dette valet. ZANU-PF krev no omteljing av resultata frå presidentvalet før desse ein gong har vorte offentleggjorde. Vi veit ikkje når desse resultata skal offentleggjerast, og den 8. april gjekk MDC til Høgsterett og kravde at resultata måtte offentleggjerast omgåande. Denne saka har vorte utsett til måndag. 

(image) Blessing Vava, informasjonssekretær i Zimbabwe National Students Union, Harare.

Situasjonen i Zimbabwe er veldig spent no etter at militæret og sikkerheitsstyrkar har vorte utplasserte i alle byar i heile landet som eit forsøk på å skremme folket frå å gjere opprør. Denne veka byrja krigsveteranar frå frigjeringskrigen å invadere gardar eigd av kvite med den grunnen at dei hadde støtta opposisjonen i valet. Mugabe hadde sett føre seg eit liknande scenario som i Kenya, med valdelege protestar i etterkant av det stolne valet, men folk i Zimbabwe har halde seg rolege og ventar heller tolmodig på resultata. Om valdelege masseprotestar hadde funne stad ville Mugabe erklært unntakstilstand, annullert resultata frå valrunden og gitt makta til militæret. Eit anna scenario er at ingen av kandidatane har fått over 50% av stemmene. I så fall seier Zimbabwe si grunnlov at ein ny valrunde skal haldast innan 21 dagar. Faren med dette er at Mugabe opnar for valdelege handlingar i dei områda der partiet hans tapte for å sikre at folk stemmer på han. Eit tredje scenario er at Mugabe erklærer seg vinnar av valet og brukar hæren for å halde fram med å styre landet, noko som kan utløyse massive protestar, men som kjem til å ende i at mange døyr. Southern African Development Community, SADC, ein organisasjon som skal jobbe for sosial og økonomisk utvikling i det sørlege Afrika, har denne helga kalla inn til eit ekstraordinært møte i Zambia for å diskutere Zimbabwe. Den einaste måten krisa i Zimbabwe kan løysast no er om FN og andre internasjonale aktørar intervenerer for å presse Mugabe til å gå av.Blessing Vava, informasjonssekretær i Zimbabwe National Students Union, Harare.

(Oversatt av Sigrun Espe)

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a large group of people are posing for a picture .a large group of people are posing for a picture .

Nyhet

Vintersamling 2025

Den beste helgen i februar nærmer seg – SAIHs vintersamling 2025! Vintersamling er en ypperlig måte å bli bedre kjent med organisasjonen på gjennom en god blanding av kreative workshops, interessante diskusjoner, aktivisme og morsomme aktiviteter. Ikke minst blir du kjent med andre engasjerte mennesker fra hele Norge og verden!

Les nyhet
a fist is holding a pencil in front of a flag .a fist is holding a pencil in front of a flag .

Nyhet

Støtt akademikere og studenter i Gaza

Innsamlingsaksjon for akademikere og studenter i Gaza.

Les nyhet
a globe is sitting on a stand on a white background .a globe is sitting on a stand on a white background .

Nyhet

Spennende mulighet: 'Youth Exchange Against Anti-Rights'

SAIH søker nyutdannede og unge fagfolk til å delta i det internasjonale utvekslingsprosjektet ‘Youth Exchange Against Anti-Rights’. Prosjektet innebærer et ettårig utvekslingsprogram mellom Sør-Afrika, Myanmar/Thailand og Norge, hvor deltakerne skal forske på rettighetskrenkende krefter som påvirker marginaliserte grupper, og bidra til påvirkningsarbeid for å motvirke disse kreftene.

Les nyhet
the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .

Nyhet

Når autoritære ledere lokker

SAIH frykter at fremveksten av autoritære ledere de siste årene, og en eventuell ny valgseier for Trump, betyr at demokratienes gullalder er forbi.

Les nyhet
a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .

Nyhet

Hva står på spill på COP16 i Colombia?

Koblingen mellom naturvern og urfolks rettsvern er åpenbar og direkte. Urfolks kulturelle overlevelse avhenger av naturmangfoldet der de bor.

Les nyhet
a man holding a flag that says union on ita man holding a flag that says union on it

Nyhet

El Activismo Bajo Ataque

¡Este año celebramos el décimo aniversario del programa Estudiantes en Riesgo (StAR)!

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon