Nyhet
Fornya tillit til Evo Morales
(image) Evo Morales-Foto-Alain-Bachellier(CC-flickr).jpg
Polarisert og splitta landSterke regionale konfliktar har prega Bolivia dei siste to åra. I høglandet og i Bolivia sine mange urfolksgrupper har president Evo Morales stor oppslutnad. Dei er nøgde med presidenten sin politikk. I fylka i låglandet aust i Bolivia, med Santa Cruz som det førande, er det opposisjonen sine tilhengjarar som sit med den politiske makta. Der finst Bolivia sine rike naturgassressursar og store landbruksområde. Låglandsfylka viser sterk motstand mot å dela denne rikdommen med det fattigare fleirtalet i vest. Både presidenten og fylkesordførarane i låglandet fekk og fornya tillit, og lite er derfor løyst gjennom folkerøystinga på søndag.Konfliktar i køDei politiske konfliktane har stått i kø i Bolivia dei siste åra. Nasjonalisering av gassressursane, forslaget til ny grunnlov utarbeida av folkevald forsamling, sosiale velferdstiltak retta mot barn og eldre og jordreform, er nokre av dei politiske handlingane det store fleirtalet av Bolivias urfolk applauderer. Kravet om auka sjølvstende frå låglandsfylka har auka parallelt med presidenten sine politiske sigrar. Dei er misnøgde med forslaget til ny grunnlov, som styrkjar urfolksgruppene sine rettar og grunnlaget for ei meir rettferdig fordeling. Jordreforma er ein trugsel for dei store landeigarane og sosiale velferdstiltak tek pengar frå inntektene frå gassressursane i låglandet. Både undervegs i prosessen med utarbeidinga av grunnlovsforslaget og i etterkant har opposisjonen boikotta og søkt å unngå at forslaget vert gyldig. I mai og juni vart det halde folkerøystingar i fire låglandsfylke om auka sjølvstende. Desse røystingane har ikkje grunnlag i grunnlova, er ikkje godkjende av nasjonale valstyresmakter og regjeringa kallar dei ulovlege. Politisk spelOpposisjonspolitikarar i Bolivia har sjølve uttalt at deira godkjenning av folkerøystinga for fornya tillit til presidenten og fylkesordførarane, var eit forsøk på å utsetja folkerøystinga om ny grunnlov. Det er berre lov å ha ei folkerøysting pr. år, og dermed kan ikkje befolkninga røysta over det nye grunnlovsforslaget før neste år. Opphavleg var forslaget om folkerøysting om tillitt president Morales sitt initiativ for å løysa den politisk fastlåste situasjonen. Dialogen mellom fylkesordførarane i låglandet og regjeringa stod fast, og den vart utsett til etter 10. august. No har både presidenten, visepresidenten og fylkesordførarane i låglandet fornya tillitt i ryggen. Truleg vil begge partar sjå seg som sigersherrar etter folkerøystinga, og den politiske og regionale polariseringa i Bolivia vil truleg halda fram.