Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Fridom og forsking. Ein individuell rett?

Skrevet av: Roy Krøvel, professor ved Institutt for journalistikk og mediefag, HiOA. 

Både i Europa og Amerika har urfolksorganisasjonar dei siste tiåra bygd opp eigne utdanningssystem. Som oftast byrja det med barneskular på eige språk, men snart synte det seg naudsynt å utdanne lærarar som kunne undervise på borna sitt eige språk. Det var ikkje nok å omsette lærebøker frå norsk, engelsk eller spansk til ulike urfolksspråk. Det var viktig å utvikle ein pedagogikk bygd på borna sine eigne lokale erfaringar og livsverd.

Kritiserer vestlig forsking I dag finst det fleire høgskular og små universitet for urfolk og andre minoritetar i Latin-Amerika drivne av urfolksorganisasjonar. Mange av desse er samla i nettverket RUIICAY (Red de Universidades Indígenas Interculturales y Comunitarias de Abya Yala). RUIICAY-nettverket har utvikla sine eigne pedagogiske prinsipp og paradigme for forsking, og i eit av grunndokumenta kritiserer nettverket vestlig forsking for å vere individualistisk. Dei hevdar at deira eige livsverd stimulerer til «inkluderande prosessar» der kollektiv og «kommunitær» «konstruksjon» har forrang framfor «individuell» konstruksjon (RUIICAY, «Documento Base para el Cultivo y Crianza de Sabidurias y Conocimientos – CCRISAC», Managua, 2014).

Ei ny form for «paternalisme»Men dei sjølvstyrte institusjonane møter motstand og motvilje frå mange latinamerikanske statar. I Ecuador valde regjeringa til president Correa valt ein interessant strategi. Staten vil sjølv bygge opp fleirspråkleg og fleirkulturell utdanning for urfolk. Til protest frå urfolks eigne organisasjonar har sjølvstyrte skular og høgre utdanning blitt lagt ned og erstatta med statskontrollerte skular. Urfolksaktivistar oppfattar det som ei ny form for «paternalisme» - som endå ein strategi for å bruke utdanning for å dominere urfolk. 

Eit spesielt interessant tilfelle gjeld universitetet Amawtay Wasi i Ecuador som vart suspendert i 2013. Då hadde urfolksuniversitetet blitt evaluert av CEAACES, som er det statlege organet for kvalitet i høgre utdanning. I fylgje CEAACES vart universitetet suspendert fordi det «skåra for dårleg» på ei rad «indikatorar». Det er berre rett og rimeleg at det blir stilt krav til kvalitet på utdanninga for urfolk. Likevel er det mykje som skurrar. Korleis kan ein vente at organisasjonar av folk som gjennom generasjonar har vore dei mest ekskluderte og økonomisk fattige skal kunne konkurrere med konvensjonelle universitet på indikatorar som infrastruktur, kantine, parkeringsplassar, bygningsmasse, datautstyr, bibliotek osb.?

Det er ein langvarig prosess å byggje opp høgre utdanning «på eigne premiss», nedanfrå, og det finst ingen snarveg å gå. Staten kunne ha valt å stø prosessen. Den kunne ha betalt tilbake noko av den historiske gjelda til urfolk gjennom stønad til infrastruktur, datautstyr, bibliotek, stipend til lærarar som treng vidareutdanning, sjølvstyrt forsking osb. I staden vart evaluering av «kvalitet» brukt som eit maktmiddel for å erobre tilbake kontroll over kunnskapsproduksjonen. Striden om Amawtay Wasi går framleis føre seg i rettsapparatet.

Også andre stadar i Latin-Amerika vert urfolks sjølvstyrte akademiske institusjonar utsette for åtak. Urfolk i Colombia har ført ein langvarig kamp for å få aksept for prinsippet om at høgre utdanning, som lærarutdanning, er avgjerande for å skape sjølvstyre over grunnutdanning, slik som grunnlova gjev urfolk rett til. Urfolksuniversitet må dessutan bygge opp eiga forsking basert på eiga livsverd.

I ein fersk artikkel i tidsskriftet Social Identities forklarer Krøvel korleis nettverket av urfolksuniversitet meiner at forsking bør gjerast gjennom åtte prinsipp.

Kan gjere akademia rikare Eigne akademiske tradisjonar utvikla av urfolk i samarbeid og dialog med konvensjonelle universitet kan gjere akademia rikare og meir mangfaldig. Forskarar som kjem frå ein slik autonom tradisjon innafor akademia kan nå djupare innsikter om menneske, samfunn og samspel med natur og miljø enn me som kjem utanfrå. Samstundes viser også grunndokumenta korleis urfolks syn på forsking og kunnskap skil seg frå allment aksepterte kunnskapstradisjonar i det globale nord. Mange forskarar i Noreg vil kanskje ha problem med å akseptere at spiritualitet skal vere ein del av metodeapparatet. Mange kan vere usamde i påstanden om at nedarva kunnskap frå forfedrane er å rekne som like mykje verd som kunnskap produsert med tradisjonelt aksepterte metodar.

Det er ikkje mitt poeng her at urfolksuniversiteta har rett eller feil i spørsmål om spiritualitet, forfedrar osb. Eg har tvert i mot eit anna synspunkt på vitskap prega av min bakgrunn frå norsk utdanning. Men det handlar om å akseptere at kunnskap, som er naudsynt for at akademia skal medverke til å skape gode liv, må produserast av folk sjølve, også når folk har andre verdsbilete enn våre. Det grenser for kva me som kjem utanfrå, er i stand til å forstå.

Eit forsvar for akademisk fridom må difor også omfatte kollektiv akademisk fridom, på same måte som urfolks rettar elles også omfattar kollektive rettar. Men det har synt seg å vere vanskelig i ei tid som dyrkar individualisme, eller «individuell konstruksjon» av kunnskap.

Vil du skrive for oss?

De fleste utenfor akademia tenker nok at retten til akademisk frihet ikke angår dem, men det stemmer jo ikke. Akademisk frihet er avgjørende for at demokratiet vårt skal bygge på kunnskap og forskning, fremfor forførende og farlige ideologier. Trues den akademiske friheten, trues også samfunnet vårt.

Vårt bidrag for å verne om den akademiske friheten er kritisk debatt. Derfor inviterer vi alle som mener noe om akademisk frihet i Norge eller internasjonalt, til å ta ordet.

Vil du skrive for oss?

Kontakt oss på epost: info@saih.no.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a woman wearing a hat and a scarf is holding a flag .a woman wearing a hat and a scarf is holding a flag .

Nyhet

Vacant position: Program advisor Latin America

We are hiring a program advisor for Latin America for a 1-year temporary position with the possibility of extension

Les nyhet
a globe is sitting on top of a wooden table .a globe is sitting on top of a wooden table .

Nyhet

Vacant position: Program advisor southern Africa

We are hiring a program advisor for southern Africa for a newly created permanent position

Les nyhet
a group of people are walking down a street in a protest .a group of people are walking down a street in a protest .

Nyhet

Vil du være med på SAIHs høstkampanje?

SAIH søker kreative og engasjerte mennesker som ønsker å være med i arbeidsgruppen for årets høstkampanje. Søk nå!

Les nyhet
a woman in a graduation cap and gown is throwing her cap in the air .a woman in a graduation cap and gown is throwing her cap in the air .

Nyhet

Avkolonisert bistand fra teori til praksis

SAIH har jobbet med avkolonisering av akademia og av bistanden i mange år, og har erfart hvor vanskelig det kan være å gå fra intensjon til faktisk endring.

Les nyhet
en kvinne i dress og hvit skjorte står foran en hvit vegg.en kvinne i dress og hvit skjorte står foran en hvit vegg.

Nyhet

Revidert statsbudsjett 2024: Utdanning er et nødvendig verktøy for demokrati.

Regjeringens forsalg til revidert statsbudsjett for 2024 byr på mer av de samme kuttene.

Les nyhet
En gruppe mennesker sitter på et berg i en skog.En gruppe mennesker sitter på et berg i en skog.

Nyhet

SAIHs sommerleir 2024

Velkommen til SAIHs sommerleir 2024 i hjertet av Nordmarka, 13. -16. juni. Her samles aktivister og medlemmer fra hele landet til en helg fylt med bading, faglig påfyll, aktivisme og mye moro.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon