Nyhet
Hivsmitta kan igjen reise til USA
(image) Dagleg leiar i SAIH, Ragnhild Nordvik, synes vedtaket sender eit viktig signal. - Det er svært positivt at President Obama no gjer dette. USA er berre eitt av mange land som har ulike former for reiserestriksjonar mot hivpositive, men det er ingen tvil om at USA er eit så viktig land at denne endringa verkelig vil bli lagt merke til. Vonleg vil dette føre til auka press mot andre land for å endre på deira innreiseforbod, seier Nordvik.
Ho har sjølv sett korleis restriksjonar knytt til innreise og visum for hivpositive får alvorlege menneskelege konsekvensar. – I Bolivia møtte eg ein brasiliansk student som studerte medisin i Bolivia. Han hadde berre eitt år igjen av studia sine, men hadde testa positivt på den siste hivtesten. Trass i at han hadde vorte smitta medan han studerte i Bolivia så hadde han no fått beskjed om at han ikkje ville få fornya studentvisumet sitt. Han var heilt fortvila. Ikkje berre fekk han beskjed om at han hadde hiv, men han fekk også beskjed om at alle framtidsplanane hans var gått i grøfta, seier Nordvik.
SAIH sin partnar i Zimbabwe, SAYWHAT, protesterte i 2007 mot russiske reglar som hindrar hivpositive studentar i å nytte seg av stipend som Russland gir til zimbabwiske studentar. Sjølv om Zimbabwe sitt lovverk slår fast at det er ulovleg å diskriminere folk med grunnlag i hivstatus måtte Zimbabwe godta dei russiske krava om at ingen studentar som levde med hiv kunne nytte seg av stipend til å studere i Russland.
Umenneskelig og korttenktSAIH håper at fleire land no vil sjå til USA. Innreiseforbod er eit brot på menneskerettane, men er også svært korttenkt av dei ulike landa. Ved å nekte hivpositive personar, til dømes forskarar og studentar, innreise og opphald vil desse landa miste viktige menneskelege ressursar og kompetanse. I tillegg vil strenge reiserestriksjonar føre til at ein del hivpositive vil gå inn for å skjule hivstatusen sin og la vere å ta medisinar. Reiserestriksjonar for hivpositive er derfor svært umenneskelig og svært korttenkt.