Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

I skuggen av ny grunnlov

(image) Aniceto Ayala representerar urfolksorganisasjonen CIDOB

Ayala representerar urfolksorganisasjonen CIDOB og er frå urfolksgruppa Orcaweta i låglandsfylket Tarija. Han er utdanna tospråkleg lærar, og ein av få med høgare utdanning frå urfolksgruppa. Det at Ayala og fleire andre fekk høve til å ta tospråkleg lærarutdanning, har betra utdanningssituasjonen for urfolksgruppa. No får skuleborna undervisning på eige språk, og av lærarar med same bakgrunn og kultur. Ayala fortel at skuleåret er lagt opp slik at det er praktisk tilpassa fiskesesongen, som er den primære næringsvegen i området.  Utdanningssituasjonen for urfolksgruppa er framleis utfordrande, og ting tek tid. Lokal barneskule med tospråklege lærarar som sjølve er frå urfolksgruppa, legg eit godt grunnlag. Elevane må inn til eit større sentrum for å gå på ungdomsskulen, og der møter dei m.a. diskriminering. Reisa er lang og kostbar, og det vart derfor etablert internat gjennom svensk prosjektstøtte. Ayala fortel at det ofte er tøft for dei unge å bu utanfor heimen, og særskild for jentene. I starten kom alle jentene tilbake, utan å fullføra ungdomsskulen. Situasjonen er betre no, og mange av jentene fullfører no ungdomsskulen. Ayala er ein av dei få med høgare utdanning. Han gjekk på statleg tospråkleg lærarskule i byen Camiri. Han og dei andre studentane frå urfolksgruppa budde på internat, og kostnadane vart dekka gjennom svensk støtte. Ayala fortel at det enno ikkje er nokon frå urfolksgruppa med utdanning frå universitet:

-Me treng folk frå vår eiga gruppe med universitetsutdanning, som kjenner vår kultur og våre behov innanfrå. Me treng advokat, som kan kjempa for våre rettar. Me treng lege, som kan sjå til borna våre.

Kampen for ny grunnlov- Innanfor urfolksorganisasjonane snakkar me lite om viktige spørsmål som utdanning, helse osv. nett no. Dei hamnar i skuggen av den overordna kampen for å få vedteke ei ny grunnlov i Bolivia, der både store og små urfolksgrupper og våre krav vert teke på alvor, seier Ayala.CIDOB og andre urfolksorganisasjonar er president Morales sine støttespelarar i grunnlovsspørsmålet. Ayala understrekar likevel at CIDOB og dei andre urfolksorganisasjonane berre gir si støtte til Morales om han svarer på deira krav. I grunnlovsforslaget har dei ikkje fått gjennomslag for alt, men er nøgde med resultatet. Ayala peikar og på at det er konfliktar mellom store og mindre urfolksgruppper i Bolivia, og at dei som støttar president Morales ikkje er ei homogen og ukritisk gruppe. Dei står likevel samla bak kravet om at grunnlovsforslaget må ut til folkerøysting innan få månadar. Aniceto Ayala er ansvarleg for naturressursar og økonomisk utvikling i CIDOB. Han var deltakar på konferansen ”Rights, Forests and Climate Change”, arrangert av Regnskogsfondet og Rights and Resources Initiative.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a woman wearing a hat and a scarf is holding a flag .a woman wearing a hat and a scarf is holding a flag .

Nyhet

Vacant position: Program advisor Latin America

We are hiring a program advisor for Latin America for a 1-year temporary position with the possibility of extension

Les nyhet
a globe is sitting on top of a wooden table .a globe is sitting on top of a wooden table .

Nyhet

Vacant position: Program advisor southern Africa

We are hiring a program advisor for southern Africa for a newly created permanent position

Les nyhet
a group of people are walking down a street in a protest .a group of people are walking down a street in a protest .

Nyhet

Vil du være med på SAIHs høstkampanje?

SAIH søker kreative og engasjerte mennesker som ønsker å være med i arbeidsgruppen for årets høstkampanje. Søk nå!

Les nyhet
a woman in a graduation cap and gown is throwing her cap in the air .a woman in a graduation cap and gown is throwing her cap in the air .

Nyhet

Avkolonisert bistand fra teori til praksis

SAIH har jobbet med avkolonisering av akademia og av bistanden i mange år, og har erfart hvor vanskelig det kan være å gå fra intensjon til faktisk endring.

Les nyhet
en kvinne i dress og hvit skjorte står foran en hvit vegg.en kvinne i dress og hvit skjorte står foran en hvit vegg.

Nyhet

Revidert statsbudsjett 2024: Utdanning er et nødvendig verktøy for demokrati.

Regjeringens forsalg til revidert statsbudsjett for 2024 byr på mer av de samme kuttene.

Les nyhet
En gruppe mennesker sitter på et berg i en skog.En gruppe mennesker sitter på et berg i en skog.

Nyhet

SAIHs sommerleir 2024

Velkommen til SAIHs sommerleir 2024 i hjertet av Nordmarka, 13. -16. juni. Her samles aktivister og medlemmer fra hele landet til en helg fylt med bading, faglig påfyll, aktivisme og mye moro.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon