Nyhet
Instituto de Terapia e Investigacion (ITEI)
Då ITEI vart stifta i 2001, var det som første organisasjon i Bolivia som arbeidde med offer for tortur og statleg vald. Organisasjonen har fokus på psykoterapeutisk, medisinsk og juridisk rådgjeving til offer for politisk vald og tortur, driv forsking og gir opplæring retta mot enkeltpersonar og grupper. Arbeidet med ungdom i tettstaden Achacachi og områda rundt, vart starta fordi mange der har opplevd politisk vald i samband med sosiale og politiske protestar. Regionen har gjennom fleire år vore prega av både nasjonale og lokale konfliktar.
ITEI er ny partnar for SAIH frå 2009. Prosjektet er ei vidareføring av leiartreninga for ungdom, som ITEI hadde drive i Achacahi gjennom fleire år. Målet med prosjektet er å etablera eit ungdomssenter og kommunalt ungdomsråd med gode ungdomsleiarar, som kan styrkja ungdom si deltaking og påverknadskraft og vera berekraftig framover. Ungdommane deltek i alle delar av prosjektet, både i planlegging og gjennomføring. Samstundes stiller ITEI med tematisk og profesjonell rådgjeving.
http://www.iteibo.com/