Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Kva er det som er viktig med utdanning då, liksom?

OD mener at utdanning er nøkkelen til utvikling i alle samfunn. Man kan likevel ikkje framstille dette synspunktet som så sjølvinnlysande at vi ikkje bryr oss om å forklare det. Påstanden om at utdanning er viktig for utvikling må alltid følgjast av ei forklaring: Kvifor meiner vi det? Det er dessutan sant at utdanning kan brukast undertrykkande og for å påvirke andre til å få samme holdninger som en selv. Men kan det då i det heile teke kallast utdanning? Kva er eigentleg utdanning, og kva type utdanning kan skape utvikling?

Sju gode grunner for at utdanning er viktig

1. Utdanning dreier seg djupast sett om utvikling av menneske. Såleis kan ikkje utdanning reduserast til eit stykke papir: Både opplæring på skolebenken og annen livserfaring bidreg til din personlige dannelse.

2. Utdanning gjer ein person i stand til å ta sjølvstendige val, og kan sikre denne personen retten og høvet til å bestemme over sitt eige liv. Meir konkret gjev utdanning fagkunnskap som gjer ein i stand til å utføre ein jobb, og som skapar sjølvtillit og tru på eigne evner.

3. Gjennom utdanning kan ein bli klar over kva rettar og plikter ein har. Slik kan utdanning verke frigjerande og utviklande for eit individ.

4. Utdanning kan bidra til utvikling på samfunnsnivå.

5. Gjennom utdanning kan menneske få reiskapar for kritisk og sjølvstendig tenking, og ved hjelp av desse endre meir enn berre seg sjølve.

6. Land med gode utdanningssystem har betre høve til å hevde seg både i internasjonal samanheng og i spørsmål som gjeld innverknad på eigen utvikling.

7. Utdanning kan dessutan skape solidaritet over landegrenser. Dersom norske skuleelevar lærer å forstå utfordringane til skuleelevar i andre land kan dei saman bidra til endring globalt.

Kva utdanning kan skape utvikling?Men utdanning er ikkje utan vidare eit middel til utvikling. For at dette skal skje må nokre føresetnader vere på plass. Utdanning må alltid vere relevant og tilpassa dei det gjeld, både med tanke på lokale tilhøve og språk. Undervisninga må ikkje vere slik at lærarane så godt som tømmer kunnskapar inn i hovuda på elevane. Elevar har mykje å bidra med i undervisninga, og god utdanning bør difor ta utgangspunkt i det elevane kan frå før. Eit mål for utdanning må vere at alle menneske har høve til å delta på lik linje i ei positiv samfunnsutvikling. Utdanning på eigne premiss vil kunne gje ein elev sterkare identitet og sjølvrespekt, både som individ og deltakar i samfunnsprosessar.

Eit konkret døme på ein slik type utdanning er skogskolen Wawashang i Nicaragua. Wawashang er ein skogskule på Atlanterhavskysten i Nicaragua der ungdom frå rurale strøk får tilbod om ei yrkesretta utdanning som kombinerar praksis og teori. Elevane på denne skulen er ungdom som allereie har tilgang på jord, og på Wawashang lærer dei å forvalte jorda si på ein berekraftig måte. Reint praktisk fungerar det slik at elevane går på skule nokre veker, for så å dra tilbake til lokalsamfunnet og praktisere det dei har lært. Når dei kjem tilbake til skulen diskuterar dei kva som fungerar, og korleis dei skal ta tak i utfordringar dei har møtt på vegen.

På Wawashang er dessutan prinsippet om elevmedbestemming godt teke vare på. Det er god dialog mellom lærar og elev, og elevane bidreg sjølve med å finne kreative løysingar på utfordringar dei møter i arbeidet. Elevane sine forkunnskapar blir sett på som viktige ressursar på skulen. I tillegg vidarefører elevane kunnskapen dei tileignar seg ved å lære opp andre i lokalsamfunna, og ein effekt av dette er fleire jobbar blir skapa. Elevane blir altså ikkje utdanna til arbeidsløyse.

I den sterke rollen Wawashang-elevane spelar i lokalsamfunnet ligg det mange moglegheitar til utvikling. I tillegg til den nye fagkunnskapen elevane tek med seg, utfordrar dei òg generasjonstilhøve i lokalsamfunna. På Wawashang ser ein nemleg viktigheita av å jobbe med foreldra til elevane. Gjennom ulike kurs blir det skapa møteplassar for foreldre og elevar slik at fleire generasjonar får ta del i utdanninga. Nye tankar og idear om fagkunnskap, likestilling og kulturelt mangfald treng då ikkje å framstå som trugslar mot den tradisjonelle kunnskapen og erfaringa dei eldre generasjonane har opparbeida seg, men derimot som viktige ressursar i utviklinga av samfunnet.

Norsk ungdom og Wawashang-elevane har noe felles: Dere er alle mulige framtidige leiarar i deres samfunn. Gjennom ei god og relevant utdanning kan ungdom bidra til å skape berekraftig utvikling verda over. Dette kan dere gjere ved å finne nye løysingar og utfordre etablerte sanningar, men òg gjennom å samarbeide med eldre generasjonar om å skape ei meir rettvis verd.

Av Kamilla Stølen, nestleiar i SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond)

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a woman wearing a hat and a scarf is holding a flag .a woman wearing a hat and a scarf is holding a flag .

Nyhet

Vacant position: Program advisor Latin America

We are hiring a program advisor for Latin America for a 1-year temporary position with the possibility of extension

Les nyhet
a globe is sitting on top of a wooden table .a globe is sitting on top of a wooden table .

Nyhet

Vacant position: Program advisor southern Africa

We are hiring a program advisor for southern Africa for a newly created permanent position

Les nyhet
a group of people are walking down a street in a protest .a group of people are walking down a street in a protest .

Nyhet

Vil du være med på SAIHs høstkampanje?

SAIH søker kreative og engasjerte mennesker som ønsker å være med i arbeidsgruppen for årets høstkampanje. Søk nå!

Les nyhet
a woman in a graduation cap and gown is throwing her cap in the air .a woman in a graduation cap and gown is throwing her cap in the air .

Nyhet

Avkolonisert bistand fra teori til praksis

SAIH har jobbet med avkolonisering av akademia og av bistanden i mange år, og har erfart hvor vanskelig det kan være å gå fra intensjon til faktisk endring.

Les nyhet
en kvinne i dress og hvit skjorte står foran en hvit vegg.en kvinne i dress og hvit skjorte står foran en hvit vegg.

Nyhet

Revidert statsbudsjett 2024: Utdanning er et nødvendig verktøy for demokrati.

Regjeringens forsalg til revidert statsbudsjett for 2024 byr på mer av de samme kuttene.

Les nyhet
En gruppe mennesker sitter på et berg i en skog.En gruppe mennesker sitter på et berg i en skog.

Nyhet

SAIHs sommerleir 2024

Velkommen til SAIHs sommerleir 2024 i hjertet av Nordmarka, 13. -16. juni. Her samles aktivister og medlemmer fra hele landet til en helg fylt med bading, faglig påfyll, aktivisme og mye moro.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon