Nyhet
Ny grunnlov i Bolivia
(image) Lang vegGrunnlova er eit resultat av mange år med kamp og press frå sosiale rørsler, og vegen fram har vore konfliktfull. Kravet om ei folkevald forsamling som skulle utarbeida ny grunnlov oppstod i urfolksorganisasjonar allereie tidleg på 90-talet. Det har stått sentralt i alle politiske og sosiale konfliktar sidan år 2000, og det var eit av dei første initiativa Evo Morales tok som president. I juli 2006 stemte folket inn sine kandidatar til å sitja i forsamlinga, og august same år starta dei arbeidet. Det vart sluttført i desember 2007, etter gjentekne forsinkingar og politiske og sosiale konfliktar. Heile 2008 var og prega av motstand og politisk kamp om den nye grunnlova. Etter vald og mange dødsfall i september, fann kongressen fram til eit kompromiss om grunnlovsteksten, og denne røysta folket over søndag.UrfolksrettarI 2001 identifiserte over 63 % av dei over 15 år i Bolivia seg som tilhøyrande ei urfolksgruppe. Den nye grunnlova synleggjer no at Bolivia er eit land der majoriteten er urfolk, og byggjer på deira eksplisitte rettar. Alle gruppene sitt språk er offisielle språk, og alle offentleg tilsette skal meistra urfolksspråket i området i tillegg til spansk. Staten skal garantera urfolks sine rettar til m.a. kollektiv eigedom, sjølvbestemming og autoritetssystem. Interkulturell utdanningUtdanning er sentralt for på sikra urfolks sine rettar. Grunnlova identifiserer utdanninga som staten sitt ansvar, og den skal vera ”interkulturell, intrakulturell og fleirspråkleg” på alle nivå. Urfolk si deltaking skal stå sentralt, og utdanninga skal tilpassast lokal kontekst og behov. Staten skal m.a. vera pådrivar for desentralisering av høgare utdanning, og sikra at det eksisterer høgare utdanningsinstitusjonar på landsbygda.LikestillingGjennomgåande i den nye grunnlova vert det nytta eit kjønnsnøytralt språk. Kvinner si rett til å eiga jord og leva eit liv fritt for all type vald, vert m.a. slått fast. Det vert og slått fast at staten forby diskriminering på grunnlag av ”seksuell orientering og kjønnsidentitet”, noko som anerkjenner LHBT-grupper og synleggjer deira grunnleggande rettar.