Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

- Slepp dei unge til!

(image) Sigrun Møgedal blei også feira av gruppa Queendom. Sigrun Møgedal blei også feira av gruppa Queendom.Det var på eit seminar om global helse og aids førre veke, at Sigrun Møgedal, som no går av med pensjon, blei heidra for innsatsen i kampen mot hiv. Møgedal var fram til i fjor norsk aidsambassadør, og har vore sentralt i aidsarbeidet internasjonalt.

Ungt leiarskap

Ein av fanesakane til Møgedal dei siste åra, har vore ungt leiarskap. Dette har ho blant anna samarbeida med LNU om. Anette Remme (SAIH) og Liv Heidi Pederesen (LNU) helsa til Møgedal frå ungdomsnettveket for hiv og adis under mottakinga. Dei takka ho for at ho tek ungdom seriøst, ikkje berre i ord, men også i handling.

(image) Liv-Heidi Pedersen (LNU) og Anette Remme (SAIH) Liv-Heidi Pedersen (LNU) og Anette Remme (SAIH) Også Kjersti Koffeld, som tidlegare jobba med hiv i LNU, hadde blitt invitert til å dele tankar om ungdoms rolle. Ho la vekt på at unge er ein del av løysinga.

- Ungdom er ikkje berre ei målgruppe, men endringsagentar, meinte Kjersti Koffeld.

Ho oppmoda styresmaktene om å opne opp politiske prosessar og la ungdomsorganisasjonar delta i dei på ein aktiv og meiningsfylt måte.

- Ikkje ta ungdom med som maskotar, men gje dei sjansen til å påverke politikken, sa ho.

Vil gje plass til ungdommen

I samband med at ho går av med pensjon, blei Sigrun Møgedal intervjua av nettsida til FNs aids-organisasjon, UNAIDS. Til dei sa ho at det er på tide at dei som har vore med lenge i kampen mot hiv gjev plass til nye folk og idear.

(image) Sigrun Møgedal Sigrun Møgedal- Vi må lage rom for nye folk, unge folk, med deira kreativitet, energi, og nye måtar å skjøne og løyse komplekse problem.

I tida som aidsambassadør har ho jobba mykje saman med unge aidsaktivistar.

- Når eg snakkar med unge menneske ser eg at dei har energien og evnene til å kommunisere på nye måtar. Dei treng ikkje mykje oppmuntring fordi dei av natur er nyssgjerrige og opptekne av urett. Det inspirerer meg.

Brev til Solheim

LNU og SAIH sendte denne veka eit brev til utviklingsminister Erik Solheim der ein oppmoda ministeren om å involvere ungdom i prosessen fram mot og under høgnivåmøtet om hiv og aids i New York i juni.

Det vil til dømes seie å opne opp for ungdomsdelegatar i den norske delegasjonen som kan delta på lik linke med andre medlemmer.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a large group of people are posing for a picture .a large group of people are posing for a picture .

Nyhet

Vintersamling 2025

Den beste helgen i februar nærmer seg – SAIHs vintersamling 2025! Vintersamling er en ypperlig måte å bli bedre kjent med organisasjonen på gjennom en god blanding av kreative workshops, interessante diskusjoner, aktivisme og morsomme aktiviteter. Ikke minst blir du kjent med andre engasjerte mennesker fra hele Norge og verden!

Les nyhet
a fist is holding a pencil in front of a flag .a fist is holding a pencil in front of a flag .

Nyhet

Støtt akademikere og studenter i Gaza

Innsamlingsaksjon for akademikere og studenter i Gaza.

Les nyhet
a globe is sitting on a stand on a white background .a globe is sitting on a stand on a white background .

Nyhet

Spennende mulighet: 'Youth Exchange Against Anti-Rights'

SAIH søker nyutdannede og unge fagfolk til å delta i det internasjonale utvekslingsprosjektet ‘Youth Exchange Against Anti-Rights’. Prosjektet innebærer et ettårig utvekslingsprogram mellom Sør-Afrika, Myanmar/Thailand og Norge, hvor deltakerne skal forske på rettighetskrenkende krefter som påvirker marginaliserte grupper, og bidra til påvirkningsarbeid for å motvirke disse kreftene.

Les nyhet
the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .

Nyhet

Når autoritære ledere lokker

SAIH frykter at fremveksten av autoritære ledere de siste årene, og en eventuell ny valgseier for Trump, betyr at demokratienes gullalder er forbi.

Les nyhet
a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .

Nyhet

Hva står på spill på COP16 i Colombia?

Koblingen mellom naturvern og urfolks rettsvern er åpenbar og direkte. Urfolks kulturelle overlevelse avhenger av naturmangfoldet der de bor.

Les nyhet
a man holding a flag that says union on ita man holding a flag that says union on it

Nyhet

El Activismo Bajo Ataque

¡Este año celebramos el décimo aniversario del programa Estudiantes en Riesgo (StAR)!

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon