Nyhet
- Sør-Afrika driv gal, umoralsk og uforsvarleg hiv/aids politikk
På konferansen, som hadde samla 20.000 delegatar frå 130 land og 2000 journalistar, påpeika Lewis at dagleg døyr det 600 til 800 personar i Sør-Afrika av aids. Den sørafrikanske regjeringa undergrev hiv/aids arbeidet med å framheve olivenolje, raudbetar og kvitlauk som verkemiddel mot aids. Heller ikkje fråhaldskampanjar har effekt. Ein av leiarane av aidskonferansen, Mark Wainberg, kalla ernærings- og prevensjonsmetoden for vitskapeleg tull. Båe Lewis og Wainberg tilrådde ein rask utviding av anti-retroviral (ARV) behandling.
Tok til motmæle
Ministeren, til liks med ANC og regjeringa, hevda på si side at Sør-Afrika hadde kome godt ut av konferansen. Ein sørafrikanske talsmann, Sibani Mngadi, avviste Levis sine skuldingar og framheva at regjeringa dei siste fire åra har tredobla budsjettet for hiv/aids og forsyner 175.000 personar med ARV. Han utfordra Levis til å visa noko land som har gjort meir innan dette området enn Sør-Afrika.
Stort gap mellom plan og verkelegheit
Nicoli Natrassi frå Centre for Social Science Research ved Universitetet i Cape Town forklara at i fylgje planen skulle 453.650 personar få behandling i 2005 frå offentleg sektor, men berre 141.000 fekk behandling. Dersom ARV hadde blitt gjennomført som i Western Cape kunne livet til 75.000 personar blitt redda i 2005. Men regjeringa insisterer på at på kvar stad ein gjennomfører planen må den vera basert på individuelle planar for kvar pasient, med ein ernæringsfagperson på teamet. Natrassi konkluderte med at Sør-Afrika har svikta aids-saka.