Nyhet
Talet på mord ned 30 prosent på 15 år i Sør-Afrika
(image) Foto: Inger Heldal
Talet på mord har i perioden 1994 til 2009 gått ned med 30 prosent, frå 26 000 til 18 000 årlege drap. SAIH har i perioden 2005-2009, saman med seks partnarar i Sør-Afrika, gjennomført eit bistandsprogram som har som mål å redusera vald og kriminalitet mellom ungdom i Sør-Afrika. Programmet var finansiert av Operasjon Dagsverk 2004.
Eit uavhengig evalueringsteam sluttevaluerte programmet hausten 2009 . Evalueringsteamet meiner at prosjekta har spela ein svært konstruktiv rolle i lokalsamfunna, men styrken i argumentet vil auka om resultata i større grad også hadde vore underbygd med statistisk informasjon. Evalueringa er kritisk til at programmet vert avslutta no og meiner at sørafrikanske styresmakter i større grad må støtte denne typen tiltak. Mangel på finansiering er den store bøygen for dei seks SAIH/OD-partnarane. Verkemidla som har blitt brukt i programmet, som fokuserer på målretta medvitgjering og tilbod om utdanning, får sterk støtte frå evalueringsteamet.
Vald og kriminalitet i Sør-AfrikaTrass i nedgangen i mord, opplever sørafrikanarar at kriminaliteten i landet er veksande. Det er berre talet på mord som har gått ned, medan annan kriminalitet som vald og vinningsbrotsverk er like omfattande eller litt aukande.
Diverre er tilboda frå kriminelle gjengar til ungdom ofte mykje meir attraktive enn frykta politiet skaper er avskrekkande. Talet på mord er på veg nedover, men det er framleis langt att til eit Sør-Afrika med vesentleg mindre vald og kriminalitet.
SAIH sitt program har gitt ungdom tilbod om aktivisering og utdanning. Skuleungdom har fått danse- og teateropplæring, starta prosjekt i eige lokalsamfunn og tatt utdanning innan utøvande kunst.
Det er eit heller lite program, men entusiasmen hos ungdommane lovar godt. Evalueringsteamet tilrår at initiativet vert ført vidare, fordi det er nett denne typen tiltak som kan redusera og til sist stoppa valden i Sør-Afrika.
SAIH sitt prosjektengasjement vert avslutta med OD-2004 programmet. Berre ein av partnarorganisasjonane har fått anna finansiering til å vidareføre aktivitetane sine.
Kilder: http://www.sairr.org.za/press-office/press-releases/survey-17-press-release-01-12-2009.pdf