Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Utlysing - deltaking tur til Geneve og Marokko i regi av Støttekomiteen til Vest-Sahara.

Bakgrunn:Den norske Støttekomiteen for Vest-Sahara (SKVS) har fått løyva midlar til å senda aktivistar frå SAIH og ei rekke student- og ungdomsorganisasjonar til Geneve, Nord-Afrika og New York. Målet med prosjektet er å læra om FN sine prosessar og korleis desse påverkar konflikten i Vest-Sahara, og blir gjennomført i samarbeid med eit breitt spekter av norske student- og ungdomsorganisasjonar.

SAIH utlyser med dette åpning for to reiser: til FN-institusjonene i Geneve 20-22. mai, den andre til Marokko eit tidspunkt mellom juni og august.

GeneveHøve for turen er at Marokko skal stå til rette for menneskerettssituasjonen i landet i samband med Universal Periodic Review (UPR) i regi av Menneskerettsrådet til FN (UNHRC). Opplegget er grovt fortalt at marokkanske styresmakter vil greia ut om situasjonen i landet sitt og kva dei gjer med det før andre medlemsstatar kjem med spørsmål og konkrete tilrådingar. Programmet for aktivistane er enno ikkje endeleg stadfesta, men det vil bli høve til å læra mykje om menneskerettsrelatert folkerett og FN-prosessar.Det vil også bli høve til å møta ulike relevante organisasjonar og institusjonar som er basert i Geneve. Det endelege programmet vil bli utarbeida av støttekomiteen.Det viktigaste føremålet til SAIH med denne turen er å tileigna lærdom om UPR-funksjonen og arbeid med menneskerettar i FN. Det vil difor vera ynskjeleg at den som eventuelt reiser frå SAIH kan utarbeida eit notat om kor relevant dette er for SAIH sitt arbeid vidare med Vest-Sahara, men også våre andre partnarland og korleis SAIH best kan påverka slike prosessar i framtida. Det er også eit krav at den som reiser bidreg med produksjon av informasjonsmateriale under og etter turen. Dette kan vera i form av artiklar skrive i samarbeid med støttekomiteen eller den andre student-/ungdomsrepresentanten, blogginnlegg og liknande. Det er også ønskjeleg at representanten stiller seg tilgjengeleg for føredrag internt i SAIH og for andre organisasjonar i etterkant.Det er ein fordel, men ikkje eit krav, at søkaren har ein viss kjennskap til juridiske spørsmål, menneskerettsarbeid og/eller FN-prosessar. Ein forventar at søkjaren har grunnleggjande kjennskap til situasjonen i Vest-Sahara.Reisa skjer på lågt budsjett, som blir dekka av prosjektet. Dei reisande vil bli innlosjerte på vandrarheim med relativt enkel standard. Sjølve møtet i UNHRC er i dagane kring 20-22. mai. Reisetidspunkta for reisa vil vera avhengige av billettprisar. Støttekomiteen og SAIH vil dekkja kostnader til reise, opphald og diett. Den reisande har sjølv ansvar for gyldig reiseforsikring.MarokkoMålet med turen er å samla og spreia informasjon om situasjonen til sahrawiske studentar i Marokko. Dette må sjåast i samband med støttekomiteen sitt overordna mål om å skapa engasjement kring situasjonen for Sahrawiar i Marokko og dei okkuperte områda. Då me vil tilstreba eit fokus på studentar og det ikkje finst høgre utdanningsinstitusjonar i Vest-Sahara, vil turen truleg vera avgrensa til Marokko.Det fins det per i dag ingen nasjonal studentorganisasjon for sahrawiske studentar i Marokko. Det eksisterer likevel uformelle nettverk i dei marokkanske universitetsbyane.Programmet for turen til Marokko, vil bli utarbeida av støttekomiteen i samarbeid med dei reisande aktivistane sjølve. Det vil truleg bli ein del reising internt i Marokko. Det vil også bli aktuelt å møta ulike internasjonale kontor i Marokko. SAIH sender i utgangspunktet berre ein representant, som del av en større delegasjon.

Deltakarane på turen vil få dekka kostnadar til reise, kost, losji og transport internt i Marokko. Deltakarane vil i hovudsak bli innlosjert på hotell med enkel standard. Deltakarar er sjølve ansvarlege for å ha gyldig reiseforsikring. Deltakere som gjer et aktivt informasjonsarbeid knytt til reisa, vil kunne søkja om å få reisa på ein oppfølgingstur til New York i oktober.

Det er eit krav at den som reiser bidreg med produksjon av informasjonsmateriale under og etter turen. Dette kan vera i form av artiklar skrive i samarbeid med sitt reisefølgje, blogginnlegg og liknande. Det er også ønskjeleg at representanten stiller seg tilgjengeleg for føredrag internt i SAIH og for andre organisasjonar i etterkant.Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om søkjarane kan fransk, spansk eller arabisk.

GenereltDet vil gjennomførast ein informasjons- og førebuingsmøte for begge turane i Oslo 9.juni. Det er stor fordel om søkaren har høve til å delta på dette.Det er fullt mogleg for ein søkjar å søkja på og evt. delta på begge turane.Søknad på ei side pluss CV må sendast til erik@saih.no innan kl. 12:00 tysdag 17. aprilSøknaden bør innehalda refleksjonar om:. Kvifor vil du delta på turen?. Ditt forhold til Vest-SaharaKorleis ser du føre deg å bidra til SAIH sitt informasjonsarbeid under og etter turen?Spørsmål kan rettast til Erik Schreiner Evans på erik@saih.no eller telefon 92037457.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a large group of people are posing for a picture .a large group of people are posing for a picture .

Nyhet

Vintersamling 2025

Den beste helgen i februar nærmer seg – SAIHs vintersamling 2025! Vintersamling er en ypperlig måte å bli bedre kjent med organisasjonen på gjennom en god blanding av kreative workshops, interessante diskusjoner, aktivisme og morsomme aktiviteter. Ikke minst blir du kjent med andre engasjerte mennesker fra hele Norge og verden!

Les nyhet
a fist is holding a pencil in front of a flag .a fist is holding a pencil in front of a flag .

Nyhet

Støtt akademikere og studenter i Gaza

Innsamlingsaksjon for akademikere og studenter i Gaza.

Les nyhet
a globe is sitting on a stand on a white background .a globe is sitting on a stand on a white background .

Nyhet

Spennende mulighet: 'Youth Exchange Against Anti-Rights'

SAIH søker nyutdannede og unge fagfolk til å delta i det internasjonale utvekslingsprosjektet ‘Youth Exchange Against Anti-Rights’. Prosjektet innebærer et ettårig utvekslingsprogram mellom Sør-Afrika, Myanmar/Thailand og Norge, hvor deltakerne skal forske på rettighetskrenkende krefter som påvirker marginaliserte grupper, og bidra til påvirkningsarbeid for å motvirke disse kreftene.

Les nyhet
the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .

Nyhet

Når autoritære ledere lokker

SAIH frykter at fremveksten av autoritære ledere de siste årene, og en eventuell ny valgseier for Trump, betyr at demokratienes gullalder er forbi.

Les nyhet
a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .

Nyhet

Hva står på spill på COP16 i Colombia?

Koblingen mellom naturvern og urfolks rettsvern er åpenbar og direkte. Urfolks kulturelle overlevelse avhenger av naturmangfoldet der de bor.

Les nyhet
a man holding a flag that says union on ita man holding a flag that says union on it

Nyhet

El Activismo Bajo Ataque

¡Este año celebramos el décimo aniversario del programa Estudiantes en Riesgo (StAR)!

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon