Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Vald mot kvinner - Framleis ein lang veg å

Vald mot kvinner er ein av dei viktigaste måtane å oppretthalde mannleg kontroll på, og førekjem i alle samfunn i verda i dag. Kjønnsbasert vald mot kvinner vert definert som ”vald som er retta mot ei kvinne fordi ho er kvinne, eller vald som rammar kvinner disproporsjonalt”. Kjønnsbasert vald mot kvinner kan ikkje sjåast på som ei vilkårleg handling utført av individ, men som eit fenomen rotfesta i strukturelle forhald baserte på mangel på likeverd mellom kjønna.

Menneskerettar

Kampen mot vald mot kvinner er eit spørsmål om menneskerettar, noko som vert tydeleg understreka i FN-rapporten. Dessverre ser det ut til at vegen mot likestilling og likeverd er svært lang. Til dømes vert i gjennomsnitt kvar tredje kvinne utsatt for fysisk vald utført av partnar i løpet av livet. Seksuell vald innanfor parforhaldet er óg utbreidd, i Etiopia har heile 59 % av kvinnene blitt utsatt for dette.

Det er sjølvsagt mange ulike former for vald mot kvinner. Ny teknologi har ført til nye valdsformer, som forfølging via internett eller mobiltelefon. Samstundes er tradisjon og kulturelle skikkar ofte problematiske, til dømes har 130 millionar jenter vorte utsatt for kjønnslemlesting.

- Staten sitt ansvar

I tillegg til å peike på problema, kjem FN-rapporten også med mulege løysingar. Det vert lagd stor vekt på staten sitt ansvar. Mange statar har enno ikkje kriminalisert alle formar for vald mot kvinner, som valdtekt innanfor ekteskapet, incest og seksuell trakassering. Og berre 93 av 191 statar har lovverk som forbyr menneskehandel.

Eit betre lovverk er sjølvsagt ikkje nok. Det ser ein på internasjonalt nivå, der framgong på policy-området ikkje har blitt følgt av god nok implementering. Ifølgje rapporten er ”det mest effektive våpenet mot vald mot kvinner ein tydeleg demonstrasjon av politisk vilje, til dømes uttalingar frå regjeringsmedlemmar, støtta av konkrete handlingar og ressursar frå staten”. Det vert mellom anna også fokusert på viktigheita av å inkludere kvinneorganisasjonar i utvikling av lovverket. Andre viktige tiltak er støttefunksjonar for kvinnene som vert utsatte for vald, innsamling av data for å få ei betre oversikt over situasjonen, og haldningsskapande arbeid.

SAIH støttar kampen

Historisk sett kom vald mot kvinner på dagsorden internasjonalt på grunn av arbeidet til kvinneorganisasjonar rundt omkring i verda. Ei vidare tilnærming til temaet i FN kom først under kvinnetiåret 1975-85. I Noreg har ein dei siste åra hatt to store kampanjer om dette temaet. TV-aksjonen i fjor, som gjekk til Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS) hadde vald mot kvinner som ein viktig komponent. I tillegg har Amnesty ein Stopp vald mot kvinner-kampanje.

SAIH sitt program ”Utdanning for frigjering fra vald” har forhindring av vald mot kvinner som hovudmålsetning. Takka vere middel frå FOKUS kan vi støtte tre organisasjonar som jobbar med denne tematikken i Sør-Afrika, eitt av dei landa i verda med høgast valdsstatistikk.

FN-rapporten har tittelen ”Ending violence against women: From words to action.” SAIH vil bidra til at den vert følgt opp med konkrete handlingar, slik at den faktisk skal bli meir enn berre fleire fine ord.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a large group of people are posing for a picture .a large group of people are posing for a picture .

Nyhet

Vintersamling 2025

Den beste helgen i februar nærmer seg – SAIHs vintersamling 2025! Vintersamling er en ypperlig måte å bli bedre kjent med organisasjonen på gjennom en god blanding av kreative workshops, interessante diskusjoner, aktivisme og morsomme aktiviteter. Ikke minst blir du kjent med andre engasjerte mennesker fra hele Norge og verden!

Les nyhet
a fist is holding a pencil in front of a flag .a fist is holding a pencil in front of a flag .

Nyhet

Støtt akademikere og studenter i Gaza

Innsamlingsaksjon for akademikere og studenter i Gaza.

Les nyhet
a globe is sitting on a stand on a white background .a globe is sitting on a stand on a white background .

Nyhet

Spennende mulighet: 'Youth Exchange Against Anti-Rights'

SAIH søker nyutdannede og unge fagfolk til å delta i det internasjonale utvekslingsprosjektet ‘Youth Exchange Against Anti-Rights’. Prosjektet innebærer et ettårig utvekslingsprogram mellom Sør-Afrika, Myanmar/Thailand og Norge, hvor deltakerne skal forske på rettighetskrenkende krefter som påvirker marginaliserte grupper, og bidra til påvirkningsarbeid for å motvirke disse kreftene.

Les nyhet
the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .the white house is surrounded by trees and bushes and has a fountain in front of it .

Nyhet

Når autoritære ledere lokker

SAIH frykter at fremveksten av autoritære ledere de siste årene, og en eventuell ny valgseier for Trump, betyr at demokratienes gullalder er forbi.

Les nyhet
a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .a group of people are standing in a line holding sticks and ribbons .

Nyhet

Hva står på spill på COP16 i Colombia?

Koblingen mellom naturvern og urfolks rettsvern er åpenbar og direkte. Urfolks kulturelle overlevelse avhenger av naturmangfoldet der de bor.

Les nyhet
a man holding a flag that says union on ita man holding a flag that says union on it

Nyhet

El Activismo Bajo Ataque

¡Este año celebramos el décimo aniversario del programa Estudiantes en Riesgo (StAR)!

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon