Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

- Vi er leiarar no!

(image) Utviklingsminister Erik Solheim

Seminaret handla om kvifor ungt leiarskap er viktig i kampen mot hiv akkurat no. 2500 ungdomar blir smitta av hiv kvar dag, men samstundes blir hiv prioritert ned av leiarar internasjonalt.

-Det er veldig farlig og må kjempast mot med alle middel. Vi må skaffe pengar, og hiv må komme på den politiske dagsordenen, sa utviklingsminister Erik Solheim då han innleia på seminaret.

- Vi må vere uthaldande på dette området!

Ein ungdomssjukdom

Erik Solheim kalla i sitt innlegg hiv og aids for ein ungdomssjukdom, fordi fleirtalet av dei som blir smitta er unge. På verdsbasis er 40% av dei som blir smitta unge mellom 14-25 år, og ministeren understreka difor at ein må ha målretta tiltak mot og av ungdom.

(image) Møteleiar Ragnhild Nordvik frå SAIH saman med Anine Kongelf, Ingrid Aas Borge og tidlegare aidsambassadør Sigrun Møgedal i panelet. -Utan å få fram ein generasjon av unge leiarar som tar tak i dette, har vi ein veldig mindre sjanse til å lukkast, sa Solheim.

Det meinte også fleire av ungdoms- organisasjonane som hadde innlegg på seminaret.

-Vi er ikkje morgondagens leiarar, vi er leiarar her og no, sa Anette Remme frå SAIH, som forventa å sjå handling utifrå lovnadane Noreg har gjeve om å sette ungdom på dagsorden.

Anine Kongelf frå Røde Kors Ungdom fortalte om korleis dei er leiarar i sitt arbeid med hiv og aids. -Unge er ikkje berre kapable til å gjennomføre aktivitetane, men også til å leie dei, understreka ho.

Toppmøte om tusenårsmåla

Neste veke samlast verdas leiarar i New York for å diskutere korleis ein kan nå tusenårsmåla innan 2015. Solheim understreka at det er viktig å sjå tusenårsmåla i samanheng.

-Hiv og aids er ikkje berre eit trugsmål mot dei helsemessige tusenårsmåla, men mot dei alle, slo han fast.

Ungdomsorganisasjonane utfordra Solheim spesielt på å auke løyvingane til Det Globale fondet for aids, tuberkulose og malaria. Fondet treng ei 30% auke i inntektene om dei skal kunne halde fram arbeidet som i dag.

-No er ikkje tida for å miste fokuset på hiv og aids, sa Ingrid Aas Borge frå Changemaker. -Så skal vi vere uthaldne slik Solheim seier, må Noreg auke støtta til fondet, avslutta ho.

Les referat frå heile møtet her.

Les også meir om LNUs hiv-kampanje "Hiv er ingen forbrytelse" og skriv under på krava!

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a man holding a flag that says union on ita man holding a flag that says union on it

Nyhet

El Activismo Bajo Ataque

¡Este año celebramos el décimo aniversario del programa Estudiantes en Riesgo (StAR)!

Les nyhet
a woman is holding a sign that says `` do only the rich deserve education '' at a protest .a woman is holding a sign that says `` do only the rich deserve education '' at a protest .

Nyhet

Ja til internasjonale studenter, nei til meningsløs pengeflytting

Regjeringen bruker bistandsmillioner som kunne gitt verdens fattige utdanning, på å dekke studieavgifter i Norge de selv har innført.

Les nyhet
a group of people are standing in a line with their hands in the air .a group of people are standing in a line with their hands in the air .

Nyhet

Regjeringen må øke støtten til menneskerettigheter – ikke kutte den

Mens demokrati og rettigheter er på tilbakegang verden over, foreslår regjeringen å kutte i støtten til sivilsamfunns- og menneskerettighets-organisasjoner.

Les nyhet
a woman in a suit and white shirt is standing in front of a white wall .a woman in a suit and white shirt is standing in front of a white wall .

Nyhet

SAIH kaller statsbudsjettet et svik

Sterkt kritisk til at regjeringen fortsetter å kutte i utdanningsbistanden

Les nyhet
a man in a denim jacket is standing in front of a crowd of people .a man in a denim jacket is standing in front of a crowd of people .

Nyhet

10-årsjubileet for Students at Risk-programmet

I år markerer vi 10 år med beskyttelse av studentaktivister i Norge gjennom Student at Risk (StAR)-programmet.

Les nyhet
a woman is holding a megaphone in her hand and a man is holding a fist in the air .a woman is holding a megaphone in her hand and a man is holding a fist in the air .

Nyhet

Still til valg i SAIH!

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon