Nyhet
FUNPROEIB Andes
(image) FUNPROEIB Andes var ny partnar for SAIH i 2008. FUNPROEIB Andes samarbeider med det offentlege universitetet i Cochabamba og urfolksorganisasjonane sine utdanningsråd (CEPO) for å styrkja tospråkleg interkulturell utdanning i Bolivia og urfolk si deltaking og påverknad på utdanninga.
Interkulturell tospråkleg utdanning (Educacion Intercultural Bilingue), EIB, er ei viktig utdanningspolitisk kampsak for urfolksorganisasjonane i Bolivia. Utdanningssystemet i landet er ikkje tilpassa urfolk sin eigen kultur, identitet og språk. Lærarar manglar pedagogisk kompetanse i EIB, og urfolk har lite representasjon i lokal og nasjonal utdanningspolitikk. FUNPROEIB Andes sine to hovudfokus er auka deltaking av urfolk i utdanningspolitikken og formell og uformell utdanning i EIB.
Frå 2009 driv FUNPROEIB Andes fleire høgare utdanningsprosjekt for ungdom frå ulike urfolksgrupper nasjonalt i Bolivia, både leiarutdanning, etterutdanning for lærarar og mastergrad. Alle studia er eit samarbeid mellom det offentlege universitetet i Cochabamba og urfolksorganisasjonar og har fokus på EIB. Studentane vert valde ut i samarbeid med urfolksorganisasjonar og får opplæring i mellom anna urfolk si historie, rettar og EIB som metode. Parallelt med desse utdanningstilboda driv FUNPROEIB eit forskingsprosjekt om urfolksstudentar ved universitetet, som skal gi innspel til framtidig politikk på urfolk og høgare utdanning.
SAIH støttar og FUNPROEIB sitt arbeid for å styrkja urfolksgruppa yuracare sitt utdanningråd (CEPY) og påverknadskraft i samfunnet. Målet med prosjektet er auka fokus på eigen kultur, språk og identitet i utdanningssystemet og utvikling av relevant pensum.